Nazcakulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sein mellomhorisont

Nazcakulturen (ca 300 f.Kr.–800 e.Kr.) blomstra i territoriet kor Ica- og Nazcaprovinsane i Ica-regionen ligg i dag. Kulturen har skapt dei vidgjetne nazcalinjene og imponerande undergrunnakveduktar som framleis er i funksjon. Nær kor akveduktane er opne for turistar, finst ein utkiksstad der ein kan sjå ein bygning som er bygd etter inkaerobringa. På ørkensletta med linjene finst det eit seremonielt senter Cahuachi kor ein kan sjå utover pampasen. Kunne om nazcakulturen er knytt til det å studere byen Cahuachi.

Keramikk[endre | endre wikiteksten]

Mangfarga, fiskforma, nazcagjenstand.

Territoriet åt folket var ein ørken som nazcakulturen med hjelp av akveduktteknologien gjorde om til eit levedyktig område for agrikultur. Keramikken utgjer nyttegjenstandar i vanleg utforming, men også gjenstandar utforma som modellar av mytiske eller naturalistiske figurar slik som i biletet til høgre. Generelt har bileta i dekor varierande uttrykk, eit trekk ved mykje Nazca-keramikk er at bileta er mangfarga.

Nazcakeramikk delast inn ni fasar. Kring år 200 f.Kr. ved slutten av tørkeperioden i tidleg horisont, starta nazca I. Keramikk frå denne æraen rommar det mytiske frå paracaskulturen, men legg til figurative modellar av ting som frukter, plantar, menneske og dyr. Realismen fekk aukande vekt i dei komande fasar, II, III og IV, som òg vert refererte til som dei monumentale fasar. Pottemakeri frå desse periodar femnar om eit uttrykk der hovudteikningane legst på ei kvit eller sterk raud bakgrunnsfarge. Neste fase, nazca V, inkluderer bilete av naturalistiske menneske og overnaturlege vesen. Fase VI og VII legg til militære uttrykk og avteiknar medlem frå den sosiale elite. I desse to fasar ser ein og ein byrjande påverknad frå moche. Endeleg i fase VIII kjem innføringa av komplette åtskilde figurar og ein rikhaldig ikonografi som framleis ingen har dechiffrert.

Inndelinga i fasar vart gjort før karbondatering vart funne opp, det skaper nokre problem med datering av fasar som no ser ut til å overlappe. Ein har rekna nazca IX å slutte kring år 600 medan nokre gjenstandar i kategorien vart skapt så seint som i 755 e.Kr eller seinare. Siste fase er eigentleg ein manifestasjon av warikulturen frå høglandet, nokre arkeologar reknar han ikkje som ein distinkt fase i nazca og taler heller om åtte fasar.

Tekstilar[endre | endre wikiteksten]

Kulturen er òg kjent for tekstilane han la etter seg. Nazca kom i gang med å nytte ull frå lama og frå alpakka tusen år før kulturane på nordkysten fann å verdsetje ull frå kameldyra. Ein trur at kjelda for ull låg i Ayacucho-regionen. Motiva som kom til syne i pottemakarkunst kom først i tekstilane. Tekstilane frå nazca- og paracaskulturane har blitt vel konservert i det tørre klimaet i området og samanfattar det meste av kva vi veit om tidlege tekstilar i regionen.

Anna informasjon[endre | endre wikiteksten]

Nazcakulturen eksisterte samstundes med mochekulturen i det som i dag er nordre del av Peru.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Michael E. Moseley: The Incas and the Ancestors: The Archaeology of Perú. ' Revised Edition.
  • Helaine Silverman: Cahuachi in the Ancient Nasca World.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]