Alpakka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alpakka

Status i verda: Husdyr

Alpacas Sillustani (pixinn.net).jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Familie: Camelidae
Slekt: Vicugna
Art: V. pacos
Vitskapleg namn
Vicugna pacos

Alpakka er eit kameldyr som er blitt halde som husdyr i Andesfjella i Sør-Amerika i fleire tusen år. Dei blir haldne for kjøt og den mjuke og isolerande ulla si. Dyra tilhøyrer slekta vikunjaer, og er noko fjernare i slekt med lama.

Suri-alpakka

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Alpakka har ei gjennomsnittleg skulderhøgd på 1 meter og veg 50–70 kg. Hals og hovud gjer han cirka 1,5 meter høg. Det finst to slag alpakka, suri og huacaya, der sistnemnde er vanlegast. Suri-alpakka har lengre pelshår enn hucaya.

Alpakkamor med diande unge.

Alpakkaen har ein levealder på 20–25 år. Han går drektig i 335–340 dagar, og føder som regel éin unge kalla cria. Criaen veg 5-9 kg ved fødselen og diar mora om lag 5–6 månader. Mora kan para seg att allereie to veker etter ein fødsel. I løpet av ein levealder kan ho føda rundt 15 ungar.

Arten er eit utprega flokkdyr. Som lamaen kan alpakkaen «spytta», men gjer det sjeldan.

Kvinne med to alpakkaer i Huascarán nasjonalpark i Peru.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Alpakka blei tidlegare klassifisert saman med lamaer, og hadde tidlegare det vitskaplege namnet Lama pacos. Moderne DNA-analyse har vist at arten høyrer til vikunjaene.[1] Den næraste slektningen er dermed vikunja. Alle desse dyra kan kryssast med kvarandre. Avkommet til ein hannlama og ein hoalpakka, kalla huarizo, er svært vanleg.

Alpakka i kulturen[endre | endre wikiteksten]

I norsk kultur er alpakkaen kjend frå uttrykket «Du store alpakka» som er brukt når ein er overraska eller forferda. Uttrykket stammar frå lektor Tørrdal i Stompa-bøkene, som kom på norsk i slutten av 1950-åra.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alpakka

Kjelder[endre | endre wikiteksten]