Paracaskulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Paracaskulturen utvikla seg i tidleg horisont frå 700 f.Kr. til om lag år 0 i det geografiske området mellom dei to elvane Ica og Pisco i det som i dag er Ica-regionen i Peru, medrekna halvøya Paracas. Nordleg grense for kulturinnverknad var dagens by Chincha, 200 km sør for Lima, medan sørleg grense var Yauca i Arequipa-regionen som ligg 150 km sørom Nazca. Kronologisk kom paracas etter chavín, og vart etterfølgd av nazcakulturen og wari. Det mest framståande særdraget hjå kunst og handverk frå paracaskulturen er den framifrå tekstilkunsten deira med mellom anna bruk av alpakkaull.

Paracaskulturen utvikla seg i to steg: Paracas Cavernas og Paracas Necrópolis.

Ein har funne antikvitetar frå Paracas Cavernas som kan daterast fram til år 200 f. Kr., den største folkesetnaden var då i Tajahuana, ved grensa til Icaelva, i Ocucajeområdet. Cavernas (menn i hòler) har namn etter gravskikken i perioden. Gravene hadde form av ei djup flaske med eit golv på 5 til 6 meter i diameter. Dei døde blei pakka inn i kunstferdige tekstilar og plassert på golvet.

Den politiske eininga paracas var den første militaristiske staten i den andiske verda. Militarismen vart nytta til å verne eige territorium. Statsgrensene var ofte eit resultat av sterkt permanente krigar.

Oldtidsminne frå Paracas Necrópolis er frå ca år 200 f.Kr. til nokon etter år 0. Pisco - Paracas er det sentrale området i utviklinga no.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]