Neft Daşları

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 40°19′N 50°35′E
Neft Daşları
kunstige øyar
none
Land Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
By Baku
Distrikt Əzizbəyov
Kommune Çilov-Neft Daşları
stad Kaspihavet
 - koordinatar 40°19′N 50°35′E
Folketal 933 (2008)
Azerbaijan location map.svg
Locator Red.svg

Neft Daşları (aserbajdsjansk for «Oljeklippene», ofte kalla Oil Rocks, òg Neftjanje Kamni eller Neftekamnirussisk) er ein industribusetnad i Baku i Aserbadsjan. Busetnaden er ein del av kommunen Çilov-Neft Daşları i Əzizbəyov rajon.[1] Han ligg 100 km frå hovudstaden i Aserbajdsjan, Baku, og 55 km frå kysten av Kaspihavet. Han er i dag ein fullt utvikla by til havs, men vart først bygd som ei oljeplattform, den første oljeplattforma til havs i verda, og består av mange boreplattformer.

Busetnaden byrja med ein enkel veg over vatn og voks til eit system av vegar og plattformer bygd over kjølen på søkkte skip, som dannar fundamentet for Neft Daşları.[2] Det mest særeigne med Neft Daşları er han i røynda er ein funksjonell by med omkring 5000 innbyggjarar og over 300 km med gater bygd på stylter og landfyllingar.[3]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden vart opphavleg kalla Tsjernije Kamni («Svarte steinar»), men vart seinare namngjeven Neft Daşları («Oljeklippene»).[4][5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av busetnaden[endre | endre wikiteksten]

Sovjetisk frimerke frå 1971 med Oljeklippene.

Det første større geologiske studiet av området vart gjort i 1945-1948.[6] Busetnaden Neft Daşları vart bygd i 1949 etter at det vart oppdaga olje der 1100 meter under Kaspihavet. Dette var den første offshoreplattforma i verda.[7][8]

I 1951 var Neft Daşları klar for produksjon, utstyrt med alt av infrastruktur ein trong på dent ida. Boreplattformene var reist, oljetankar installert og kaianlegg omgjeve av moloar. Den første olja frå Neft Daşları vart lasta ombord på eit tankskip same år.[9]

I 1952 starta bygginga av bukkebruer som knytte dei kunstige øyane saman. Fleire sovjetiske fabrikkar bygde kranar som var spesielle for Neft Daşları, samt eit kranfartøy som kunne føre opp mot 100 tonn olje. Kranfartøya vart utstyrte med dieselhammarar som vart nytta til å slå pålar ned i havbotnen.[9]

I 1958 starta ei større utbygginga av busetnaden, som omfattar ei ni etasjar høg bustadblokk, hotell, kulturpalass, bakeri og limonadefabrikk.[6] Masseutviklinga av Neft Daşları heldt fram 1976-1978 med bygginga av ei fem etasjar høgt internat og to olje-gass-kompressorstasjonar, drikkevatnfasilitetar og to undervassrøyr til Dubendi-terminalen, kvar med ein diameter på 35 cm.[6] I tillegg vart det bygd ei vegbru for biltrafikk.[6] Som følgje av dette voks området til kring 7 hektar i 1960-åra og lengda av stålbukkebruer mellom dei kunstige øyane oversteig 200 km.[9]

Etter sjølvstendet[endre | endre wikiteksten]

I november 2009 feira busetnaden 60-årsjubileum.[10][11] I løpet av dei siste 60 åra har oljefelta ved Neft Daşları produsert meir enn 170 millionar tonn olje og 15 milliardar kubikkmeter naturgass.[9] I følgje geologar er det 30 millionar tonn olje att som kan utvinnast.[9]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folketalet har variert over tid og i 2008 var det i alt om lag 5000 menneske her, som arbeidde i vekeslange offshoreskift.[12]

I populærkultur[endre | endre wikiteksten]

  • I 2008 vart det laga ein sveitsisk dokumentar av Marc Wolfensberger kalla «La Cité du Pétrole / Oil Rocks - City above the Sea» om busetnaden, som kom ut i 2009[13]
  • Neft Daşları vart nytta i ein av scenene i James Bond-filmen The World Is Not Enough (1999).[12][14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mal:AJmuni
  2. Gale, Timothy. «OIL ROCKS: AN INFRASTRUCTURED SOVIET CITY». http://liquidinfrastructure.info/archives/725. Henta 15. april 2012. 
  3. Theroux, Marcel. «The Rock of Ages». http://www.travelandleisure.com/articles/the-rock-of-ages/1. Henta 15. april 2012. 
  4. Abbasov, Mehti. «НЕФТЯНЫЕ КАМНИ — 60». Bakinskiy Rabochiy Newspaper. http://br.az/index.php?newsid=2963. Henta 15. april 2012. 
  5. Ibrahimov, Seyyad. «THE EARLY DAYS». Azerbaijan International Magazine. http://azer.com/aiweb/categories/magazine/52_folder/52_articles/52_oily.html. Henta 15. april 2012. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Baku and Oil. The Soviet Period». window2baku.com. http://www.window2baku.com/eng/9oil3.htm. Henta 15. oktober 2012. 
  7. «OIL PLATFORMS». http://www.solarnavigator.net/oil_rigs.htm. Henta 25 December 2010. 
  8. Blair, Betty. «Oil Rocks in the Caspian». azer.com. http://azer.com/aiweb/categories/magazine/ai142_folder/142_articles/142_salahov_oil_rocks.html. Henta 15. oktober 2012. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Igorev, Vladimir. «A MAN-MADE ISLAND OF OIL TREASURES». www.oilru.com. http://www.oilru.com/or/44/925/. Henta 25 December 2010. 
  10. «Городу в Каспийском море уже 60 лет». lifenews.ru. http://www.lifenews.ru/news/11508. Henta 15. april 2012. 
  11. «Oil Rocks is essential value for Azerbaijani people: president - UPDATE». today.az. http://today.az/news/society/57230.html. Henta 15. april 2012. 
  12. 12,0 12,1 Turnbull, James. «Oil Rocks». http://googlesightseeing.com/2008/08/oil-rocks/. Henta 15. april 2012. 
  13. «Oil Rocks: City Above the Sea». IMDB. http://www.imdb.com/title/tt1528788/. 
  14. Patterson, Jean. «Agent 007 Movie Scenes Shot in Baku». Azerbaijan International Magazine. http://azer.com/aiweb/categories/magazine/73_folder/73_articles/73_bond.html. Henta 15. april 2012. 


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Neft Daşları