Nei til EU

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det europeiske flagget med eit raudt kross over

Nei til EU er ein organisasjon mot norsk medlemskap i Den europeiske unionen (EU). Organisasjonen har medlemsorganisasjonar og medlemmer frå heile den politiske landskapen. Organisasjonen er ei vidareføring av Folkerørsla mot EEC. Nei til EU sitt arbeidsutval er sett saman av Heming Olaussen som leiar, Torunn Kanutte Husvik og Maria Walberg, som nestleiarar, samt Per Steinar Osmundsnes som medlem. Nei til EU har fylkeslag i alle fylka, i tillegg til dei mange lokallaga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1988 blei Opplysningsutvalet om Noreg og EF oppretta som ein formell medlemsorganisasjon med lokal- og fylkeslag, ein fastsett struktur og årsmøte.

Framfor EU-valet i 1994 samla organisasjonen mange medlemmer og stod sentralt i grasrotopprøret mot innmelding i unionen.

Etter EU-valet i 1994 vart organisasjonen oppretthalden, av di ein såg det som mogleg at diskusjonen rundt norsk medlemskap på nytt kunne koma opp att. Hovudoppgåva til Nei til EU i ei tid der medlemskap er lagd på is, er å samle ressursar mot norsk medlemskap i unionen og den europeiske unionen generelt. Nei til EU har ved fleire høve kome med tilleggsmeldingar i samband med handsamingar i Stortinget, mellom anna eit tillegg til EØS - pluss.

Hovudmotstandaren til Nei til EU er Europarørsla, som står sentralt i kampen for norsk innmelding i EU.

Leiarar av Nei til EU[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]