Stein Ørnhøi
Stein Ørnhøi (fødd 15. november 1935 i Trondheim) er ein norsk politikar (SV). Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 1977 og på ny i 1981.
Ørnhøi er utdanna frå Levanger lærarskule (1958), tok handelsskuleeksamen i 1959 og gjekk i 1982 sjefskurs ved Forsvarets Høgskule. Han var lærar i Oslo og Tune frå 1956 til 1963.
Frå 1961 til 1963 var han produsent for fleire barneprogram for TV og vart tilsett som produksjonssekretær i NRK frå 1963 til 1965. I åra frå 1965-1973 og 1975-1977 var han programsekretær i NRK. Etter nokre år som stortingspolitikar har han så vore frilansar i NRK frå 1985 til 1992. I 1994-1995 var han teatersjef ved Teater Ibsen.
Ørnhøi var nestleiar i Nei til EF i perioden 1992–1993 og leiar i Nei til EU frå 1995 til 1997. Han var i fleire år politisk ekspert og kommentator i både NRK og seinare i TV2.
Ørnhøi hadde tillitsverv i SF/SV frå 1961 til 1987.
Stortingskomitear [endre]
- 1981 – 1985 sekretær i Forbruker- og administrasjonskomiteen
- 1981 – 1985 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen
- 1981 – 1985 varamedlem i Valkomiteen
- 1977 – 1981 medlem i Finanskomiteen
- 1977 – 1981 varamedlem i Valkomiteen
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Stein Ørnhøi» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2009.