Neustadt an der Weinstraße

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Neustadt an der Weinstraße
Weinberge Neustadt Weinstraße.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Neustadt an der Weinstraße
Neustadt an der Weinstraße is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Rheinland-Pfalz
Ingen
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

117,10 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

53 655
  458/km²
Koordinatar 49°21′0″N 8°9′0″EKoordinatar: 49°21′0″N 8°9′0″E
Høgd over havet 136 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 67433-67435
Telefon-retningsnummer 06321, 06327
Bilnummer NW
Heimeside: www.neustadt-weinstrasse.de

Neustadt an der Weinstraße er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 55 000 innbyggjarar. Elva Speyerbach renn gjennom byen, medan elva Rehbach har sitt utspring her. Byen er sannsynlegvis den største byen med namn Neustadt, som er eit mykje brukt stadnamn i Tyskland og Austerrike. Namnet tyder «Ny by». Neustadt ligg mindre enn ein times køyretur frå større byar som Mannheim, Ludwigshafen am Rhein, Heidelberg og Frankfurt.

Byen er ein vakker, gamal by med ein markedsplass omringa av gamle bindingsverkshus. Neustadt er ein av dei varmaste byane i Tyskland og sommartemperaturar rundt 30-35 °C er vanleg. Hovudnæringane til Neustadt er turisme og vin, som i resten av Pfalz.

Weinstraße som er nemnd i namnet tyder «vinvegen». Fleire byar ligg langs denne vegen der det vart halde årlege vinfestivalar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]