Nicolai Abildgaard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nicolai Abraham Abildgaard (11. september 1743–4. juni 1809) er ein dansk kunstmålar og professor.
Abildgaard måla i klassisistisk stil. Han vart professor ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i 1778, og vart seinare direktør ved akademiet og fekk slik stor påverknad på kunsten i Danmark på 1700-talet. Eitt av dei mest vidgjetne verka hans var utsmykkingane han gjorde i Christiansborg slott i København i 1778—91.