Nicolai Cappelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nicolai Cappelen

Nicolai Benjamin Cappelen, måleri på Søndre Brekke gard.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. september 1795
Skien
Død

28. januar 1866 (70 år)
Skien

Yrke advokat, dommar, politikar
Språk norsk
Far Ulrich Fredrich von Cappelen
Mor Benedicte Henrikka Aall

Nicolai Benjamin Cappelen (15. september 179528. januar 1866) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsrepresentant.

Cappelen var fødd i Skien, der faren dreiv handel og utreia skip. Han vart cand. jur. i 1817, var så kopist i justisdepartmentet og vidare fullmektig på stiftskontoret for Akershus. Frå 1819 var han prokurator. Han prøvde å verte høgsterettsadvokat, men lukkast ikkje. Frå 1831 til 1847 var han byfut i Skien. Deretter var Cappelen sorenskrivar i Bamble, med bustad i Skien, til han døydde.

Han var stortingsrepresentant for Skien og Porsgrunn i 1839, på tinget var han sekretær i militærkomitéen.

Cappelen samla på bøker og let etter seg ei stor boksamling. Ho vart dels donert Skien skule og dels til slektningen Erik Cappelen på Borgestad gard.

Cappelen var bror til amtmann Ulrik Cappelen og bokhandlaren Jørgen W. Cappelen. Han døydde ugift i heimbyen Skien i 1866. Det omfattande privat- og forretningsarkivet hans vart kring 1970 overført til Riksarkivet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Erik Andreas Thomle: Familien (von) Cappelen i Norge og Danmark, Christiania 1896
  • Lambrecht Haugen: Cappelen-slekten 1627-2008, Rosendal 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]