Nikolaj Bukharin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikolaj Bukharin

Nikolaj Ivanovitsj Bukharin (9. oktober 188815. mars 1938), russ. Николай Иванович Бухарин, var ein russisk kommunist og sovjetisk politikar. Bukharin var ein av dei fremsta leiarane for bolsjevikpartiet, av Lenin kalla «heile partiets favoritt». Han var også ein marxistisk teoretikar, og mange av bøkene og skriftene hans har blitt omsette til andre språk. På slutten av 1920-talet leidde Bukharin den sovjetiske "høgreopposisjonen" mot Stalin, saman med blant andre fagforeiningsleiaren Mikhail Tomskij. Bukharin blei dømd og avretta i 1938 under Moskvaprosessane.

Bukharin blei bolsjevik under revolusjonen i 1905. Etter at han blei arrestert av politiet, fór han utanlands og heldt fram med den politiske aktiviteten sin der. Etter februarrevolusjonen i 1917 vende han tilbake til Russland og var aktiv i den bolsjevikiske oktoberrevolusjonen same året. Han blei snart sjefredaktør for avisa Pravda, og dermed ein framståande partimedlem. Han hadde store voner om den kommande verdsrevolusjonen, og heldt utover 1920-talet fram med dette internasjonale engasjementet i Komintern, der han var leiar i åra 1927-29.

Frå å ha vore heller kompromisslaus og på venstresida i partiet, blei han etter dei negative erfaringane med «krigskommunismen» under borgarkrigen ein av dei fremste talspersonane for «Den nye økonomiske politikken», NEP. Det var blant anna på grunn av dette engasjementet på partiet sin høgre fløy at Bukharin kom i konflikt med Stalin i 1928. Den sistnemnde hadde da slått inn på ein ultra-venstrekurs. Alt året etter fekk Stalin avsett Bukharin frå verva i Komintern, Pravda og sentralkomiteen. I 1937 blei han ekskludert frå partiet, og han blei arrestert og avretta i 1938.

Bukharin var ein framståande marxistisk teoretikar, og han fekk utgitt ei mengd innflytelsesrike verk på dette området. Han fekk ryet sitt gjenoppretta under det reformvennlege klimaet som rådde i Sovjetunionen på 1980-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]