Nils Henrik Asheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nils Henrik Asheim (fødd 20. januar 1960) er ein norsk komponist og organist som er busett i Stavanger.

Asheim har kyrkjemusikkeksamen frå Noregs Musikkhøgskule (1981), var elev av Olav Anton Thommesen og vidare ved Sweelinck-konservatoriet i Amsterdam. Produksjonen hans omfattar kammermusikk, orkesterverk, kyrkjemusikk, musikkteater og databasert musikk. Han vann konkurransen om fanfare til OL på Lillehammer i 1994, og denne er utgjeven på plate med Gardemusikken. For verket Chase fekk han Edvard-prisen 2002 i klassen samtidsmusikk. Han har også samarbeidd med songaren Anne-Lise Berntsen.

Forutan dette var det Nils Henrik Asheim som komponerte fanfare, inngangsmarsj og korstykke til kronprinsbryllaupet i 2001. Til innviinga av Oslo domkyrkje skreiv han Salmenes Bok for kor og to orgler. Andre viktige verk er Genesis (1982), som er ein strykekvartett, Salme 90 for 8-stemmig kor og instrumenter (1983) og Vannspeil for fiolin, cello og klaver (1985). Allereie i 1982 fekk han prisen Årets verk i Norsk Komponistforening, for Vindu. I 1986 vann han igjen prisen, då for Vannspeil.

Han har vore busett i Stavanger sidan 1991, og har engasjert seg i musikklivet der. Mellom anna var han huskomponist ved Rogaland Musikkonservatorium frå 1982 til 1984 og drivkraft bak opprettinga av det alternative kultursenteret Tou Scene. Han har dessutan vore formann i Norsk Komponistforening, i åra 1988–1991.

Under Spellemannprisen 2005 vann Asheim i klassen samtidsmusikk med plata 19 March 2004, Oslo Cathedral. Under Spellemannprisen 2010 vann han igjen, i klassa Årets samtidskomponist for plata Mazurka - Remaking Chopin. Han vann Lindemanprisen i 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]