Nils Karlsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nils Karlsson under vinter-OL 1952

Nils Emanuel «Mora-Nisse» Karlsson (25. juni 191716. juni 2012) var ein svensk langrennar som vart olympisk meister på femmila under vinter-OL 1948 og vann 17 individuelle svenske meisterskap og ni gongar vart vasaloppvinnar. To gongar vann han femmila i Holmenkollen. Karlsson var frå Östnor i Mora i Dalarna, derav tilnamnet Mora-Nisse. Han vert rekna som ein av Sveriges fremste idrettsutøvarar gjennom alle tider.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Karlsson slo gjennom i 1943. Han vann då både tremila og femmila i den svenske meisterskapen, og gjekk til topps i Vasaloppet. Det var hans fyrste siger i Vasaloppet, seinare vann han tevlinga åra 1945-51 og 1953.

Gjennom same tidsperioden, 1943-53, vart han svensk meister 17 gongar:

  • 18 km – 1944, 1945, 1947, 1950, 1951, 1953
  • 30 km – 1943, 1944, 1946, 1949, 1950
  • 50 km – 1943, 1944, 1945, 1948, 1950, 1951

Individuelt tok han 37 medaljar i svenske meisterskap. I tillegg var han med å vinne SM-gull i stafett (3 x 10 km) for Mora i 1945 og 1950.

Under vinter-OL 1948 i St. Moritz deltok Karlsson på 18 km og 50 km. Han vart nummer fem på 18 km, der tre av hans landsmenn erobra alle medaljane. På femmila vart han olympiameister på tida 3.47.48 og var dermed vel fire-og-eit-halvt minutt føre sølvmannen, landsmannen Harald Eriksson i mål. Derimot fekk han ikkje plass på Sveriges sigrande stafettlag.

Også under ski-VM 1950 i Lake Placid deltok Karlsson i dei to individuelle øvingane. På den innleiande 18-kilometeren vart han nummer 13. Betre gjekk det på 50 km, Karlsson fekk bronsemedaljen bak landsmennene Gunnar Eriksson og Enar Josefsson, i mål var han vel minuttet bak verdsmeisteren Eriksson. Under vinter-OL 1952 i Oslo kom Karlsson på femteplassen på 18 km og sjetteplassen på 50 km, i begge tevlingane var han beste svenske deltakar.

Karlsson deltok i Holmenkollen fyrste gongen i 1947 og gjekk heilt til topps på 50 km. Også den neste gongen han stilte i femmilsløypene i Kollen, 1951, vart det siger. Derimot vann ikkje Karlssom noko i tevling i korkje Svenska skidspelen eller i Lahti. Ein andreplass på femmila i Sundsvall 1951 og ein tredjeplass på same distansen i Lahti 1953 var hans fremste prestasjonar i desse skileikane.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

I 1944 vart han tildelt 'Svenska Dagbladets gullmedalje' og i 1952 fekk han Holmenkollmedaljen.

Karlsson spela ei viktig rolle for populariteten til Vasaloppet, fyrst som mangeårig vinnar. Etter at han la opp som aktiv skiløpar, gjekk han inn i Vasalopp-organisasjonen, både som rennleiar og løypeansvarleg. Mora-Nisse tok «helteglorien» inn i arrangementet på ein positiv måte.

I 1988 vart det laga ein dokumentarfilm om legendariske svenske skiløparar og skihopparar; De sista skidåkarna. Her var «Mora-Nisse» Karlsson med, saman med mange andre, som Hjalmar Bergström, Martin Matsbo, Gustav Husum-Jonsson, Arthur Häggblad, Sven Selånger, m.fl.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • P. Ch. Andersen: Den nye olympiaboken, 1957

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]