Nils Lofgren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nils Lofgren
Nils Lofgren Ronnie Scotts 97.jpg
Nils Lofgren på Ronnie Scotts, 1997
Verkeleg namn Nils Hilmer Lofgren
Alias Lefty, Crazy Horse
Fødd 21. juni 1951
Chicago i Illinois i USA
Instrument Gitar, keyboard, trekkspel
Sjanger Rock, bluesrock, klassisk
Aktive år 1965 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, idrettsmann
Tilknytte artistar Bruce Springsteen, Neil Young, Crazy Horse, Ringo Starr & His All-Starr Band, Patti Scialfa, Grin
Plateselskap A&M, Columbia, MCA, Rykodisc, Capitol, Vision Music, Pure Records
Nettstad www.nilslofgren.com

Nils Hilmer Lofgren (fødd 21. juni 1951 i Chicago i Illinois) er ein amerikansk rockeartistar og låtskrivar. Han er kjend både som soloartist og som medlem av Bruce Springsteen sitt E Street Band, samt tidlegare medlem av Crazy Horse og Grin. Han hadde svensk far og italiensk mor.

Det første instrumentet til Lofgren var trekkspel i ein alder av fem. Lofgren vart profesjonell musikar i 1970 då han 18 år gammal vart med på innspelinga av albumet After the Gold Rush for Neil Young, der han spelar piano. Lofgren fortsette å ha nær musikalsk kontakt med Young, og deltok på albumet Tonight's the Night og var med på fleire turnear. Han var med i gruppa Grin i åra 1969-1973 som han starta med bassist Bob Gordon, og trommeslagar Bob Berberich. Seinare vart òg Tommy Lofgren med i Grin. I 1972 var han ein kort tur innom Crazy Horse før han starta solokarrieren sin i 1975.

Han byrja i E Street Band i 1984 der han først erstatta Steve Van Zandt. Ved sidan av engasjementet i E Street Band spelar han med sitt eige Nils Lofgren Band.

Diskografi med Grin[endre | endre wikiteksten]

  • 1971: Grin (Epic)
  • 1972: 1+1 (Spindizzy)
  • 1973: All Out (Epic)
  • 1973: Gone Crazy (A&M)

Diskografi som soloartist[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Nils Lofgren (A&M)
  • 1975: Back It Up!! (Live) (A&M)
  • 1976: Cry Tough (A&M)
  • 1977: I Came to Dance (A&M)
  • 1978: Night After Night (A&M)
  • 1979: Nils (A&M)
  • 1981: Night Fades Away (Backstreet/MCA)
  • 1981: Best of Nils Lofgren (A&M)
  • 1983: Wonderland (Backstreet/MCA)
  • 1985: Flip (CBS)
  • 1986: Code Of The Road, Live '85, berre Europa og Japan (A&M)
  • 1991: Silver Lining (Rykodisc)
  • 1992: Crooked Line (Rykodisc)
  • 1993: Every Breath, filmmusikk (Stampede)
  • 1993: Live On The Test, berre Storbritannia (Windsong)
  • 1995: Damaged Goods(Pure)
  • 1997: Acoustic Live (Vision)
  • 1998: New Lives BBC, berre Storbritannia (HUX)
  • 2001: Bootleg, 1975, Live (Vision)
  • 2001: Breakaway Angel, (Vision)
  • 2003: Nils Lofgren Band Live (Vision)
  • 2006: Sacred Weapon (Vision)
  • 2008: The Loner – Nils Sings Neil (Vision)
  • 2011: Old School

Kjelder[endre | endre wikiteksten]