After the Gold Rush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
After the Gold Rush
Studioalbum av Neil Young
Utgjeve 31. august 1970
Innspelt august 1969 - juni 1970 ved Sunset Sound og Sound City, Hollywood i California; heimestudioet til Neil Young i Topanga i California
Sjanger
Lengd 35:10
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, David Briggs med Kendall Pacios
Kritikk
Neil Young-kronologi
Everybody Knows This Is Nowhere
(1969)
After the Gold Rush Harvest
(1972)

After the Gold Rush er det tredje albumet til Neil Young og eit av fire høgprofilerte album som vart gjeven ut av kvar av bandmedlemmene i Crosby, Stills, Nash & Young etter den store suksessen med Déjà Vu i 1970. Det nådde åttandeplassen på Billboard-lista og to singlar frå albumet, «Only Love Can Break Your Heart» og «When You Dance I Can Really Love» nådde respektive 33. og 93. plass. I Noreg nådde albumet 17. plass.

After the Gold Rush vart nymastra og gjeven ut på HDCD i 2009.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det tredje soloalbumet til Neil Young vart gjeven ut ein produktiv periode av karrieren hans. Han hadde spelt inn to soloalbum og Déjà Vu i lag med Crosby, Stills, Nash & Young på mindre enn eit år, og etter at han vart sett på sidelinja av ein ryggskade, venta han til 1972 før han gav ut det neste albumet sitt, Harvest, som gjorden Young til superstjerne. Sjølv om arbeidet hans med Buffalo Springfield hadde vist at han eksperimenterte med forskjellige musikkstilar, heldt Young fram blandinga av hardrock, og country- og folkrockinfluert musikk på Gold Rush, liknande det han hadde gjort med CSNY og på Everybody Knows This is Nowhere frå 1969.

Young-biografien Shakey [1] hevdar at han gjorde eit forsøk på å kombinere Crazy Horse og CSN på denne utgjevinga, der Crazy Horse spelte i lag med Stephen Stills og CSNY-bassisten Greg Reeves. Dei første innspelingane vart gjort med Crazy Horse i Sunset Sound Studios i Los Angeles under ein vinterturne som omfatta Steve Miller og Miles Davis på Fillmore East. Trass i den dårlegare helsa til rytmegitaristen Danny Whitten, gav innspelingane songane «I Believe In You», «Oh, Lonesome Me», «Birds» og «When You Dance I Can Really Love».

Det meste av albumet vart spelt inn i eit mellombels kjellarstudio i heimen til Young i Topanga Canyon våren 1970 med Greg Reeves, Ralph Molina frå Crazy Horse og det 18-år gamle vidunderbandet Nils Lofgren frå det Washington, DC-basert bandet Grin på piano. Dette var ei typisk avgjersle for Young, å la Lofgren som ikkje tidlegare hadde spelt så mykje piano før, gjere dette for heile innspelinga.[2] I lag med Jack Nitzsche vart han med Crazy Horse utan Young før han starta si eiga solokarriere og vart medlem av Bruce Springsteen sitt E Street Band.

Kritikarane var ikkje begeistra då albumet kom ut. Den opphavleg meldinga i Rolling Stone starta med «Neil Young-tilhengjarar vil truleg bruke dei neste par vekene på å overbevise seg sjølv om at After the Gold Rush er god musikk. Men dei vil berre lure seg sjølv. For trass i at albumet inneheld potensialet for noko førsteklasses musikk, stig ingen av songane her over den keisame overflata.»[3] Den kritiske reaksjonen har derimot betra seg med åra, noko som er typisk for Neil Young sine album. I 1975 hadde Rolling Stone endra synet sitt og kalla albumet eit «meisterverk», [4] og Gold Rush vert i dag rekna som ein klassikar frå den tidlege karrieren til Young.[5]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

After the Gold Rush har dukka opp på mange lister over dei største albuma. I 1998 stemnde lesarane av musikkmagasinet Q After the Gold Rush til det 89. største gjennom tidene. Det vart rangert på 92. plass på ei liknande liste laga av britiske Channel 4 i 2005. I 2003 kåra Rolling Stone albumet til det 71. beste på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene, som var den høgaste plasseringa til Young på lista. Pitchfork Media hadde albumet på 99. plass på si liste over dei 100 beste albuma i 1970-åra.[6]. I 2006 hadde Time Magazine albumet blant sine 100 beste album gjennom tidene.[7]. I boka til Bob Mersereau frå 2007 vart det rangert på 3. plass over dei 100 beste kanadiske albuma gjennom tidene, medan oppfølgjaren Harvest vart kåra til det største. I 2005 kåra lesarane av Chart Magazine albumet til det femte beste kanadiske albumet, medan Blender Magazine i 2002 kåra det til det 86. beste «amerikanske» albumet. New Musical Express hadde albumet på 80. plass på deira liste over tidenes største album i 2003. På nettsida Acclaimedmusic.net er albumet øvst på lista over album frå 1970, 16. plass på lista over album frå 1970-åra og 43. plass på lista over beste album nokon gong, den høgaste plasseringa til Young.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Tell Me Why»   2:54
2. «After the Gold Rush»   3:45
3. «Only Love Can Break Your Heart»   3:05
4. «Southern Man»   5:31
5. «Till the Morning Comes»   1:17
6. «Oh Lonesome Me» (Don Gibson) 3:47
7. «Don't Let It Bring You Down»   2:56
8. «Birds»   2:34
9. «When You Dance I Can Really Love»   4:05
10. «I Believe in You»   3:24
11. «Cripple Creek Ferry»   1:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]