Nils Torvalds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nils Torvalds (2014)

Nils Torvalds (fødd 7. august 1945) er ein finsk journalist. Torvalds er finlandssvensk og har arbeidd med svenskspråkleg radio og fjernsyn i Finland. Torvalds har sidan 2001 arbeidd som reporter for Den finske kringkastinga (YLE) i Washington D.C.. Før han flytta til USA hadde han Russland som arbeidsfelt. Under studietida var han aktiv i kommunistpartiet og studerte m.a. i Moskva eit år på 1970-talet. I mai 2006 melde Nils Torvalds seg inn i Svenska Folkpartiet i Helsingfors. Sommaren 2007 gjekk det ein debatt i Hufvudstadsbladet om korleis tidlegare Moskvakommunistar (i dette tilfellet Torvalds) går inn i andre parti.

Nils Thorvalds er son til diktaren Ole Torvalds og far til programmeraren og grunnleggjaren av Linux, Linus Torvalds.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]