Nizami gate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nizami gate frå nær undergangen ved Bul-Bul-gata.

Nizami gate (aserbajdsjansk Nizami küçəsi) er ei stor gågate og handlegate i sentrum av Baku i Aserbajdsjan, kalla opp etter den kjende klassiske diktaren Nizami Ganjavi. Historia til gata kan sporast attende til byplanleggingsprosjektet i Baku i 1864. Gata går gjennom sentrum av byen frå vest til aust. Den bilfrie delen av gata starta ved Fonteneplassen og endar ved Rasjid Behbudov gate, og vert ofte kalla Torgovaja («handelgata» på russisk).

Det ligg mange forretningar i Nizami gate, frå bankar til motebutikkar. Her ligg òg ambassadane til Tyskland, Noreg, Nederland og Austerrike, samt EU-delegasjonen i Aserbajdsjan.[1][2] Den næraste metrostasjonen Sahil (raud linje, sør for Nizami gate) og 28 Maj (både raud og grøn linje, nord for gata).

Historiske landemerke[endre | endre wikiteksten]

Husnummer Bilete Detaljar
20
Nizami-20-Baku.jpg Bygningen til Caspian—Black Sea Oil and Trade Society (bygt i 1898-1899).
48
Nagiyev house-Baku.jpg Nordfasaden av huset til Musa Naghijev (til høgre), bygt i 1911.
50
Building at Nizami Street, Baku, 2010.jpg Dei nyklassiske leilegheitene til Tagijev-brørne, bygt i 1912.
64
Landau house in Baku.jpg Huset, bygt i 1911, der Lev Landau vart fødd og budde.
74
Det aserbajdsjanske nasjonalbiblioteket, opna i 1923. Nordsida mot Nizami gate.
75, 77
Vatan cinema.jpg Huset, bygd i 1896 av Haji Rajabli. Under sovjettida var her Vatan kino.
79
Nizami street building, Baku.jpg Hus, bestilt av Murtuza Mukhtarov og bygt i 1896. I 1927—1931 budde Jamsjid Nakhitsjevanski her.
93
Nizami street-93-Baku.jpg Leileghetsblokka til Musa Naghijev, bygt i 1911.
95
Azərbaycan Dövlət Opera və Balet Teatrı.jpg Det aserbajdsjanske statlege akademiske opera og balletteateret, bygt i 1911.
115
Nizami-115.jpg Bygningen til Det russiske keisarlege tekniske samskipnaden, reist i 1899.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Embassies». European Commission. http://ec.europa.eu/delegations/azerbaijan/travel_eu/embassies/index_en.htm. Henta 10. mai 2012. 
  2. «Embassy». Royal Norwegian Embassy in Baku. http://www.norway.az/Embassy/. Henta 10. mai 2012.