Nizjnevartovsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nizjnevartovsk
Нижневартовск
Byvåpenet til Nizjnevartovsk
Byvåpenet til Nizjnevartovsk


Plassering
Nizjnevartovsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Khanty-Mansia
Grunnlagd
Bystatus
1909
1972
Borgarmeister Boris Khokhrjakov
Geografi
Flatevidd
 - By

267 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

242 000
  906,4 /km²
Koordinatar 60°57′0″N 76°33′0″EKoordinatar: 60°57′0″N 76°33′0″E
Høgd over havet 45 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 628600–628624
Retningsnummer (tlf) (+7)3466
Nettstad: www.n-vartovsk.ru

Nizjnevartovsk (russisk Нижнева́ртовск) er den nest største byen i Khanty-Mansia i Russland. Han ligg på høgre sida (nordsida) av elva Ob, rundt 400 km aust for Khanty-Mansijsk. I 2007 hadde han om lag 240 000 innbyggjarar.

Byen vart grunnlagt i 1909, men utviklinga til storby skaut først fart på 1960-talet, etter oppdaginga av oljefeltet Samotlor, som er det største i Russland. Han fekk bystatus i 1972.

Nizjnevartovsk er eit senter for den vestsibirske oljeregionen og er ein av dei rikaste byane i Russland.

Nizjnevartovsk lufthamn, 4 km vest for byen, er av dei travlaste i heile Sibir.

Om vinteren kan temperaturen falle til −50 °C og innbyggjarane byggjer fleire isparkar med skulpturar i snø og is, samt leikeområde for barna. Om sommaren stig temperaturen til +35 °C.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nizjnevartovsk