Jugorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jugorsk
Югорск
by
Flagg
Land  Russland
Region Khanty-Mansia
Areal 152,18 km²
Folketal 32 423  (2008)
Grunnlagd 1962
 - Bystatus 1992
Retningsnummer +7 34675
Kart
Jugorsk
61°19′0″ N 63°21′0″ E
Wikimedia Commons: Yugorsk
Nettstad: https://www.ugorsk.ru/

Jugorsk (russisk Югорск) er ein by i Khanty-Mansia i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 420 kilometer vest for Khanty-Mansijsk.

Mesteparten av folkesetnaden er russarar, men det finst òg ukrainarar, tatarar og dei innfødde khanty og mansi-folka.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden Komsomolskij (russisk Комсомольский) vart bygd i 1963 i samband med utbygging av tømmer- og naturgass-industriane i området. Busetnaden voks etter kvart som gassfelta i vest-Sibir vart utbygd og produksjonsselskapet Tjumentransgas vart bygd opp. I mars 1959 starta bygginga av jernbanen Ivdel – Priobje. Rundt same tid starta utbygginga av skogane på taigaen i området.

Minnesmerket i Jugorsk.

Flybasen Jugorsk Sovjetsky vart bygd 11 km sørvest for byen, og huste 763. jagarflypregiment (763-й истребительный авиационный полк). Begge blei nedlagde i 1998. Eit minnesmerke over militære og arbeidsprestasjonane til sibirske folk, med eit MiG-25-fly på ein sokkel, opna 29. august 1998.[1]

Busetnaden fekk bystatus i 1992 og namnet på byen vart samstundes endra til Jugorsk. Namnet kjem av «Jugra» eller «Jugoria», som er namnet på landet til khanty og mansi-folka.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Tjumentransgas (eigd av Gazprom) er den viktigaste arbeidsgjevaren i byen, med over 7 000 tilsette i Jugorsk. For tida (2008) kjem 90 % av inntektene i byen frå verksemdene til Tjumentransgas.

Ei anna viktig verksemd er Jugorskles, som driv med hogst og handsaming av tømmer, og med møbelproduksjon.

Jordbruksbedrifta JSC Jugorskoje, som er spesialisert innan kvegavl og fjørfe, har òg verksemder i Jugorsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Памятники и монументы города Югорск». Arkivert frå originalen 17. juli 2012. Henta 1. desember 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]