No Milk Today

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
No Milk Today
Singel av Herman's Hermits
frå albumet There's a Kind of Hush All Over the World
B-side My Reservation's Been Confirmed
Sjanger Britisk rock, pop
Lengd 2:56
Låtskrivar(ar) Graham Gouldman
Produsent Mickie Most
Herman's Hermits-kronologi
«This Door Swings Both Ways»
(1966)
No Milk Today «East West»
(1966)

«No Milk Today» er ein song skriven av Graham Gouldman og først spelt inn av det britiske popbandet Herman's Hermits. Han vart først sloppe som ein single i Storbritannia i oktober 1966. Singelen vart ein hitt og nådde 7. plass i heimlandet. I Noreg nådde han førsteplassen på VG-lista. Singelen vart ikkje gjeven ut i USA, men kom med som B-side på singelen «There's a Kind of Hush» og vart populær nok til å bli ein liten hit der også med ein 35. plass i 1967 (A-sida nådde 4. plass).

Seinare vart songen spelt inn av Gouldman sjølv som ein solosingel frå debutalbumet hans The Graham Gouldman Thing frå 1968.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Songen vart i 2008 populær på ny i Noreg etter at mjølkeprodusenten TINE byrja å bruke han, rett nok i sterkt redigert versjon, i reklamane sine. Songen blir samstundes spelt som ein ser bilete av kjendisar, modellar, atletar og andre som kollapsar eller fell saman på ein klønete måte. Reklamen blir avslutta med mjølk som vert helt i eit glas, og med orda «Mjølk styrkjer kroppen». Songen vart òg nytta i ein reklame for det nederlandske meieriet Coberco i 1990-åra.

Fleire norske artistar, som Alexander Rybak, Ben Lorentzen (norsk versjon av songen), Ingrid Olava og The BlackSheeps (engelsk og samisk), har i samband med dette spelt inn coverversjonar av No Milk Today.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]