I'm into Something Good

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I'm into Something Good
av Herman's Hermits
frå albumet Herman's Hermits
Utgjeve 7. august 1964 (UK)
September 1964 (US)
Innspelt De Lane Lea Studios i London, 26. juli 1964
Sjanger Beat, pop
Lengd 2:25
Selskap MGM Records K13280 (US)
Columbia DB 7338 (UK)[1]
Låtskrivar(ar) Gerry Goffin
Carole King[1]
Produsent Mickie Most[1]
Herman's Hermits-kronologi 
I'm into Something Good «Show Me Girl»
(1964)


«I'm into Something Good» er ein song skriven av Gerry Goffin (tekst) og Carole King (musikk) og gjort kjend av Herman's Hermits.[1] Songen vart opphavleg spelt inn av Cookies-medlemmet Earl-JeanColpix Records i 1964 og nådde 38. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100. Kort tid etter spelte Herman's Hermits inn songen som debutsingelen deira, og han gjekk til topps på UK Singles Chart den 14. september 1964, og låg der i to veker.[1][2][3] Songen nådde 13. plassen i USA det året og sjuandeplassen i Canada.

Herman's Hermits-singelen kom ut på høgda av den britiske bølgja, då låtskrivarane i Brill Building, i dette tilfellet Goffin og King, var i ferd med å gå av moten, sidan dei fleste britiske gruppene skreiv sine eigne songar. Songen har sidan blitt brukt i filmar som The Naked Gun: From the Files of Police Squad!, The Brave Little Toaster to the Rescue og Ouija: Origin of Evil. Songen er òg blitt nytta i episoden Road to Rupert av Family Guy.

Carole King har sagt ho skreiv songen medan ho var inspirert av Brian Wilson.[4]

Herman's Hermits[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Peter Noone spelte inn ein soloversjon av songen for filmen The Naked Gun: From the Files of Police Squad! i 1988.

Brian Wilson spelte inn songen i lag med Carole King for albumet That Lucky Old Sun.

The Bird and the Bee spelte inn songen og gav han ut på singel i mars 2010. Versjonen deira var med i filmen [[filmen Valentine's Day (2010)Valentine's Day.

David Cassidy song ein versjon av songen i 1973 for situasjonekomedien The Partridge Family.

Med tittelen «Something Good» spelte Marianne Faithfull inn songen i 2002 på albumet hennar Kissin Time. Her var Billy Corgan med som gjestemusikar. Kids Incorporated spelte «I'm Into Something Good» i 1989 .

Songen vart spelt inn av Janis Siegel i 1982 på albumet Experiment In White.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 84. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. «Official Singles Chart UK Top 100 - 5th April 2014 | The UK Charts | Top 40». Theofficialcharts.com. Arkivert frå originalen 8. april 2008. Henta 5. april 2014. 
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 167–8. ISBN 1-904994-10-5. 
  4. Carole King/Brian Wilson Exclusive Tracks, 22. august 2008