Noa Kirel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noa Kirel

Fødd10. april 2001 (23 år)
FødestadRa'anana
FødenamnNoya Kirel
hebraisk נועה קירל
OpphavIsrael
Aktiv2015–
Sjangerpop, Hiphop, reggaeton, dansemusikk
Instrumentvokal
PlateselskapAtlantic Records, NMC, Roberto Ben Shoshan
Verka somsongar, skodespelar, programleiar, låtskrivar, arrangementvert, modell, brand ambassador, stemmeskodespelar, reality television program judge, songar-låtskrivar, dansar, teaterskodespelar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, celebrity branding, komponist
PrisarMTV Europe Music Award for Best Israeli Act, MTV Europe Music Award for Best Israeli Act, MTV Europe Music Award for Best Israeli Act, MTV Europe Music Award for Best Israeli Act, MTV Europe Music Award for Best Israeli Act

Noa Kirel (fødd 10. april 2001 i Ra’anana) er ein israelsk songar, skodespelar og programleiar. Ho blir rekna for som ei av dei største popstjernene i Israel.[1] Kirel slapp debutsingelen «Medabrim» i 2015 og har sidan gjeve ut ei rekkje låtar med stor suksess. Den fyrste engelskspråklege singelen hennar, «Drum», blei gjeven ut i 2019.

Kirel har vunne MTV Europe Music Awards for beste israelske artist kvart år frå 2017 til 2021, og ho representerte Israel i Eurovision Song Contest 2023 med låten «Unicorn».[2][3][4][5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kirel blei fødd som Noya Kirel i Ra’anana av israelsk-fødde foreldre med askenasisk (austerriksk-jødisk) og sefardisk (marokkansk-jødisk) bakgrunn. Ho er den yngste av tre sysken.[6] Som 14-åring i 2015 slapp ho låten «Medabrim» (snakkar) og same år fekk ho stor merksemd med «Killer». Låten blei av mange israelarar sett på som provoserande, men han fekk raskt over 10 millionar framsyningar på YouTube, og han danna starten på den suksessrike musikkarrieren til Kirel.[1] I 2018 blei ho den yngste dommaren på det israelske talentshowet Israel's Got Talent.[7] I 2021 skreiv ho kontrakt med Atlantic Records, og gav ut songar som «Please Don’t Suck» og «Thought About That» som var retta mot den USA-amerikanske marknaden.[8]

I mars 2020 byrja Kirel fyrstegongstenesta i det israelske forsvaret (IDF). Der tenestegjorde ho i eit militærband fram til ho dimitterte i februar 2022.[9] I juli same år kunngjorde den israelske kringkastaren Kan at dei hadde vald Kirel til å representere Israel i Eurovision Song Contest 2023.[1][10] Der deltok ho med låten «Unicorn» og enda på tredjeplass, den beste plasseringa til Israel sidan sigeren i 2018.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Noa Kirel: Israel's Eurovision 2023 singer is perhaps the country's biggest pop star». wiwibloggs (på engelsk). 11. juli 2022. Henta 11. juli 2022. 
  2. Daly, Rhian (12. november 2017). «Here'sthe full list of MTV EMA 2017 winners». NME (på engelsk). Henta 11. juli 2022. 
  3. Reiher, Andrea (3. november 2019). «MTVEMA 2019 Winners & Nominees Full List». Heavy.com (på engelsk). Henta 11. juli 2022. 
  4. «|Winners |». www.mtvema.com (på engelsk). Henta 11. juli 2022. 
  5. Farren, Neil (11. juli 2022). «Israel: Noa Kirel to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. juli 2022. 
  6. «N12- המסע לאושוויץ של נועה קירל». N12. 27. april 2019. Henta 11. juli 2022. 
  7. «Israel's Got Talent (TV Series 2018– ) - IMDb». Henta 11. juli 2022. 
  8. Mier, Tomás; Mier, Tomás (27. mai 2022). «IsraeliSuperstar Noa Kirel Says She Learned Spanish for 'Dale Promo' From Telenovelas». Rolling Stone (på engelsk). Henta 11. juli 2022. 
  9. Eglash, Ruth (1. august 2020). «A teenage pop sensation becomes a soldier, and the Israeli army tries to cope». Washington Post. 
  10. Farren, Neil (11. juli 2022). «Israel: Noa Kirel to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. juli 2022. 
  11. «NoaKirel». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.