Nord-Vietnam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nord-Vietnam på kartet
Nord-Vietnams flagg
Nord-Vietnams flagg

Nord-Vietnam (Den demokratiske republikken Vietnam, på vietnamesisk Việt Nam Dân Chủ Cộng Hòa) vart grunnlagt av Hồ Chí Minh i 1945, formelt anerkjend i 1954, og sameint med Sør-Vietnam i 1976, 15 månader etter at nordvietnamesiske styrkar erobra Saigon). Hovudstaden i Nord-Vietnam var Hanoi.

Den kommunistiske republikken vart ved grunnlegginga i 1950 berre anerkjend av Folkerepublikken Kina og Sovjetunionen. I 1954 slutta krigen mellom vietnamesiske revolusjonære og Frankrikes kolonistyrke etter eit fransk nederlag i slaget ved Dien Bien Phu. I 1954 anerkjende Frankrike republikken som eit sjølvstendig land, og delinga av Vietnam vart dermed anerkjent av fleire andre vestlege land. Første statsminister og president var Ho Chi Minh, som leia landet fram til sin død i 1969.

Etter delinga fylgde ei masseutvandring frå nord til sør og motsett. Særleg var det mange katolikkar som flykta frå kommuniststyret. Medan buddhismen og andre austlege religionar stort sett vart akseptert, vart kristendomen sett som ein framand religion og ein arv frå kolonitida.

Dei viktigaste jordbruksområda i Vietnam ligg i sør, og Nord-Vietnam hadde difor dårlegare vilkår for framgang enn Sør-Vietnam. Likevel klarte landet å sørgja for høg vekst i jordbruket ved hjelp av jordreformer som delte jorda ut til bøndene i landet. Dette førte til fengslingar av rike jordeigarar som nekta å gje frå seg markane dei hadde, og som ofte stod brakk. Den høgaste veksten opplevde industrien, som frå 20 industrianlegg i 1954 hadde omtrent 1200 anlegg i 1965.

Vietnamkrigen braut ut i 1957, og i 1959 avgjorde Nord-Vietnam seg for å leggja vekk ikkje-innblanding-politikken sin, og ein meir militant fløy av partiet vann fram, og byrja å støtta ein meir open krigsinnsats i sør. Detta medførte store kostnader, og landet vart meir avhengig av hjelp frå mellom anna Folkerepublikken Kina. Kinesiske styresmakter gav store summar til Hanoiregimet gjennom store delar av krigen. Allereie i slutten av 1950-åra byrja amerikanske soldatar å koma med status som rådgjevarar og treningspersonell, for å støtta Sør-Vietnam si regjering. I 1964 vart konflikten opptrappa, og amerikanarane byrja å senda større styrkar. Òg andre vestlege land, spesielt Australia, intervenerte.

Noreg etablerte diplomatiske samband med Nord-Vietnam hausten 1971 (sjå Noregs ambassade i Hanoi). 30. april 1975 fall Saigon, og den kommunistiske Republikken Sør-Vietnam vart oppretta. Denne vart sameint med Nord-Vietnam 2. juli 1976 til Den sosialistiske republikken Vietnam.