Norddalsfjorden på Sunnmøre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norddalsfjorden sett frå ferja mellom Stranda og Gravaneset
To ferjer møter kvarandre mellom Linge og Eidsdal på Norddalsfjorden

Norddalsfjorden er ein fjordarm av Storfjorden i kommunane Norddal og StrandaSunnmøre. Fjorden strekkjer seg 16 km austover, men medrekna Tafjorden som held fram søraustover er han 24 km lang. I gammal tid var namnet «Todarfjorden» og det omfatta også Tafjorden.[1]

Fjorden har innløp i vest mellom Liabygda i nord og Skrednakken i sør. Eit stykke inn i fjorden ligg bygda Eidsdal på sørsida. Frå her går det ferjesamband over til Linge på nordsida. Like aust for Linge ligg bygda Sylte der elva Valldøla munnar ut. Enno lenger inn fjorden ligg Fjøra. Like sør for Fjørå ligg Oksneset der Tafjorden tek til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kleiva, Ivar (1975): Grunn og gror. Norddal bygdebøker, III. Valldal: Norddal kommune.