Stranda kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stranda kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1525
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Stranda
Areal 867 km²
Folkemengd 4 601 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Jan Ove Tryggestad (Sp)
Målform Nynorsk
Nettstad www.stranda.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1525.svg
Stranda kommune på Commons

Stranda er ein kommune i Møre og Romsdal. Han ligg ved Storfjorden på Indre Sunnmøre. Kommunesenteret er Stranda. I kommunesenteret og bygdene rundt bur det knapt 3.400 innbyggjarar, men bygdene Geiranger (250 innb.), Hellesylt (680 innb.), Liabygda (260 innb.) ligg òg i kommunen.

Industriverksemd er hovudnæringa i kommunen, og i tillegg til kjøt- og møbelindustri ligg mellom anna den største fabrikken for frosen pizza i Noreg her. Der lagar dei den kjende Grandiosa-pizzaen.

Stranda har to vidaregåande skular. Den private kristne internatskulen Vestborg vidaregåande skule og den fylkeskommunale Stranda vidaregåande skule.

Fjellområdet Åkerneset i Sunnylvsfjorden er rekna som ustabilt, og eit ras der kan skapa ei flodbølgje som vil ramma fleire av tettstadene. Fjellet er derfor nøye overvaka. [1]

Reiselivsnæringa har lange og sterke tradisjonar i kommunen. Geiranger vart tidleg eit reisemål, alt i 1869 kom det første skipet med utanlandske turistar til Geiranger. I dag er Geiranger nest største cruise-hamna i Noreg med 160 cruiseskip-anløp kvart år. I tillegg kjem dagleg anløp av hurtigruta. I alt gjestar om lag 700.000 turistar kvar sommar Geiranger.

Fossar, fjord, fjell og fråflytte fjellgardar som klorer seg fast i bratthenga, har gitt Geirangerfjorden oppnamnet ”Verdens vakraste fjord”. Han står på UNESCO si verdsarvliste.

Den ideelle organisasjonen Storfjordens Venner har i ei årrekkje restaurert fleire av dei fråflytte fjellgardane, m.a. ved hjelp av midlar frå Riksantikvaren og friviljugt arbeide.

Innhaldsliste

Folketalsutvikling[endre]

Folketalsutvikling for noverande Stranda kommune frå 1900:

1900[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5][6] 1.1.1961[5][6] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
3261 3101 3216 3911 4002 4474 4831 4825 4595 4656 4531


Kjende folk frå Stranda kommune[endre]

Bakgrunnsstoff[endre]

Fotnotar[endre]

  1. Kjelde: SSB
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Stranda 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Sunnylven 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.