Trondheim kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trondheim kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1601
Fylke Sør-Trøndelag
Adm.senter Trondheim
Areal 342 km²
Folkemengd 176 309 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2003-) Rita Ottervik (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.trondheim.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1601.svg
Trondheim kommune på Commons

Trondheim kommune er ein kommune i Sør-Trøndelag fylke. Administrasjonssenteret i kommunen er byen Trondheim.

Trondheim kommune omfattar halvøya Byneset i vest, og strekker seg ned til utløpet av elva Gaula i Trondheimsfjorden i sør, og til Jonsvatnet og Ranheim i aust. Kommunen grensar i aust mot Malvik kommune, og i sør mot kommunane Selbu, Klæbu og Melhus. Dei noverande kommunegrensene vart vedtekne i 1. januar 1964, da dei fire nabokommunane Strinda, Tiller, Leinstrand og Byneset vart slått saman med Trondheim. Ved samanslåinga vart arealet til kommunen utvida frå 41 km2 til 342 km2, og innbyggjartalet vart nesten dobla.

Kommunen er med 000000000176309.0000000000176 309 innbyggjarar den tredje største kommunen i Noreg.

Kommunevåpen [endre]

Kommunevåpenet til Trondheim vart vedteke i 1897 og har utgangspunkt i det gamle byseglet til Trondheim frå 1200-talet. Våpenet har to figurar; den til venstre er ein bispefigur med bispehue og krumstav, ståande i ei kyrkje, og figuren til høgre er ein konge med krone og skålvekt i handa, som står i ei borg. Vekta figuren held skal symbolisere rettferd. Nedst på våpenet er det plassert tre hovud som skal symbolisere byrådet.

Kjelder [endre]

Fotnotar [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trondheim kommune