Norsk elghund grå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norsk elghund grå
Norwegian Elkhound.jpg
Norsk namn
Elghund
Heimland
Noreg
Hundetype
Spisshund, jakthund
Habitat
Norden, Europa
Klassifisering
NKK: Gruppe 5
FCI: Gruppe 5, seksjon 2
AKC: Hound
CKC: Hounds
KC: Hound
UKC: Scenthounds
Norsk raseklubb
Norske Elghundklubbers Forbund
Rasestandard
NKK
Brukseigenskaper
Jakthund
Forventa livsløp
10-12 år
Storleik
Medium (15-25 kg)
Rasen passar for
Erfarne jaktfolk

Norsk elghund grå er så urnorsk at han er valt til den norske nasjonalhunden. Han høyrer til spisshundane og er ein av dei mest populære hunderasane våre. Det finst også ein svart versjon av rasen som blir kalla norsk elghund svart.

Opphav og alder[endre | endre wikiteksten]

Den grå elghunden er avla for jakt på elg og anna storvilt. Det er ein svært gammal rase, men nøyaktig når han oppstod veit vi ikkje. Det er rimeleg sikkert at denne hunden har røter føre vikingtida (8001050 e.Kr.). Somme meiner denne hunden er ein direkte etterkommar av torvmosehunden, som fanst her for meir enn 5 000 år sidan, men det er lite truleg. Den grå elghunden er bevisleg ein av dei rasane som har endra seg minst gjennom århundra. Han blei fyrste gong vist fram på utstilling i 1877.

Utsjånad, anatomi og fysikk[endre | endre wikiteksten]

Norsk elghund grå er ein typisk spisshund, med tett kort kropp, kvadratisk bygnad og god reisning. Full av kraft og stoltheit. Mørke trygge auge, opprettståande spisse øyre. Halen blir boren stramt opprulla over midtlina av ryggen. Tett og rikt, men ikkje strittande, hårlag. Han er svært robust, hardfør og uthaldande, og toler både regn og kulde svært godt. Rasen har ei idealhøgd på 52 cm (+3/-4) for hannar og 49 cm (+3/-4) for tisper.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Elghunden har vore bruka til nær sagt alle former for storviltjakt, men er fyrst og fremst avla for drivande halsande jakt på elg og bjørn. Han er dessutan ein svært god spor- og vakthund, og har gjennom mange århundre vore vår viktigaste gardshund. Vikingane brukte han au som kamphund.

Lynne og veremåte[endre | endre wikiteksten]

Grå elghund har godt gemytt, er inderleg glad i sine eigne og triveleg å halde som familiehund. Han likar å ha ein sterk leiar og treng kontinuerleg mosjon og hjernetrim for å trivast. Han er lett å dressere, men er fyrst og fremst ein god jakthund og turkamerat.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Grå elghund er ein vanleg hund i Norden, men utanfor dette området er rasen rekna som eksotisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Norsk elghund grå