Norske Reindriftsamers Landsforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL, nords. Norgga Boazolápmelaččaid Riikkasearvi, NBR) er organisasjonen til reindriftssamane i Noreg. NRL er forhandlingsmotpart til staten i saker som gjeld reindrift. NRL fører ein aktiv politikk for at det skal halde fram på denne måten, og dermed for at Sametinget ikkje skal få politisk innverknad på saker som har med reindrifta å gjere.

NRL vart stifta i 1947, som ein næringsorganisasjon, jf. § 1 i lovene som vart vedtekne i 1948: Norges Reindriftssamers Landsforening er en sammenslutning av samer hvis hovednæring er reindrift. Dei første tiåra var det framforalt sørsamane som leidde organisasjonen, men frå og med inngangen til 70-åra etablerte NRL ein organisasjonsstruktur med styre i Finnmark, inkludert sørsamiske styremedlemmar som budde i Finnmark, og med sekratariat i Tromsø.

NRL har alltid vore sterkt oppteken av samiske rettar, og har arbeidd målmedvite for å få gjennomslag for sitt syn i reindriftslovene.

Leiar for NRL er Nils Henrik Sara.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]