North og South Foreland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
South Foreland

North Foreland og South Foreland er to nes av kalkstein aust i Kent sør i England. North Foreland dannar austenden av Isle of Thanet. South Foreland ligg 5 km nordaust for Dover ved Doversundet og markerer den sørvestlege enden av St Margaret's Bay (kalla opp etter landsbyen St Margaret-at-Cliffe). Begge består av bratte klipper og har eit flott utsyn over Nordsjøen. På North Foreland står North Foreland fyr og på South Foreland står to. Det eine gjekk ut av drift i 1910 og det andre i 1988.

South Foreland er den geologiske motparten til Cap Blanc Nez heilt nord i Boulonnais i det franske départementet Pas-de-Calais. Dei to står på kvar si side av Doversundet. Neset er derfor det punktet i Storbritannia som er nærast det europeiske fastlandet, som ligg 34 km unna.

Krig[endre | endre wikiteksten]

To sjøslag under dei engelsk-nederlandske krigane er kalla slaget ved North Foreland etter neset:

Under den andre verdskrigen stod ein radarstasjon på South Foreland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]