Nostradamus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nostradamus måla av sonen César de Nostredame rundt 1614.

Michel de Nostradame (14. desember 15032. juli 1566), kjend som Nostradamus, var ein fransk apotekar kjend for ettertida for ein serie spådommar. Den best kjende boka hans, Les Propheties ('Profetia'), kom ut i 1555 og har seinare stort sett ikkje gått ut av trykk. Ei rekkje tilhengjarar har knytt profetia hans til seinare hendingar. Dei aller fleste akademiske studie av spådommane hans held føre at dei fleste tolkingane er gjort gjennom misforståingar eller omsetjingsfeil av versa hans, eller at dei er så vage at dei kan tolkast stort sett som ein sjølv vil.[1]

[[fil:|mini|

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Michel de Nostradame blei fødd i Saint-Rémy-de-Provence sør i Frankrike. Som femtenåring byrja han ved Universitetet i Avignon, men måtte reisa heim etter eit drygt år då universitetet stengde i samband med pest. Deretter reiste Nostredam, i følgje sine eigne oppteikningar, rundt i landet i åtte år og studerte urtemedisin og arbeidde som apotekar. I 1529 tok han til å studera medisin ved Universitetet i Montpellier, men blei utvist då det blei kjend at han hadde vore apotekar, eit «handverk» som var forbode ifølgje statutta der.[2] Seinare blei han likevel ofte kalla «doktor». Nostredame blei vidkjend for å ha utvikla ei «rosepille» som skulle hjelpa mot pest.[3] Nostredame gifta seg i 1531, men kona og to barn døydde i 1534, moglegvis av pest. I 1547 gifta han seg på nytt, med den rike enkja Anne Ponsarde, og dei fekk seks barn.[4]

Nostradamus[endre | endre wikiteksten]

Tittelblad for Profetiane frå ein 1568-utgåve.

Frå midten av 1500-talet vende Nostredame seg meir mot det okkulte. Han gav ut ein almanakk for 1550 under det latiniserte namnet som gjorde stor lukke. Nostradamus følgde opp med fleire almanakkar, som til saman inneheld 6 338 vers, og minst 11 årkalendrar. Han byrja også storverket Les Propheties, samansett av verd på fire linjer, gruppert i grupper på 100. For å verna seg mot religiøse fanatikarar skjulte han tydinga av dikta gjennom ein Vergil-aktig stil, ordspel og framande språk som gresk, italiensk, latin og provensalsk.[1]

Medan samtidige kunne sjå på Nostradamus som ein sjarlatan, galning eller tenar av djevelen, fekk han også mange tilhengjarar, særleg blant øvre lag i samfunnet, som såg på spådommane hans som andeleg inspirerte. Den franske dronninga Katharina de' Medici var ein stor beundrar, og bodsende han etter almanakken for 1555, som hinta om farar for kongefamilien. Medan Nostradamus frykta han skulle drepast, ønska dronninga at han skulle forklara dei og stilla horoskop for kongebarna. Han blei etterkvart utnemnd til rådgjevar og lege for kongen.

Død[endre | endre wikiteksten]

I 1566 utvikla Nostradamus si urinsyregikt til ødem. Seint i juni bodsende han advokaten sin og sette opp testamentet for dei store rikdommane sine. Om kvelden den 1. juli skal han ha sagt til sekretæren sin at han ikkje ville finna han i live ved neste soloppgang. Han blei funnen død neste morgon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Peter Lemesurier, The Unknown Nostradamus, 2003
  2. Benazra, R, Espace Nostradamus
  3. Nostradamus, Michel, Traite des fardemens et des confitures, 1555, 1556, 1557
  4. Edgar Leroy, Nostradamus, ses origines, sa vie, son oeuvre, 1972, ISBN 2-86276-231-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nostradamus