Pest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir fletta med byllepest. (Sjå eventuelt diskusjon)

Pest er ei nemning nytta særleg i mellomalderen om alle dødelege sterkt smittsame epidemiske sjukdomar. Seinare har nemninga vorte nytta om akutt infeksjonssjukdom mellom gnagarar og menneske. Årsaka til sjukdomen er ein bakterie, Yersinia pestis.

Mellom menneske reknar ein med tre vis pesten syner seg på; byllepest, lungepest og septikemisk pest (blodforgiftning eller sepsis). Ein person kan ha fleire former. På verdsbasis er i dag 80-95 % av tilfella byllepest, med ein mortalitet på 10-20 %. Ein minoritet 10-20 % får primær systemisk Y. pestis-sepsis utan byllar, med ein mortalitet på 22%. Den sjeldnaste forma er primær lungepest med ein mortalitet blant ubehandla på opp mot 100%, og meir enn 50 % mortalitet blant behandla pasientar.[1]

Smitte og klinikk[endre | endre wikiteksten]

Bakterien Y. pestis lev normalt i blodet hos gnagarar og i ventrikkelen (magesekken) eller proventrikkelen hos ulike slags lopper som lev på gnagarane. Overføringa til menneske skjer frå loppene, eller frå andre menneske. Når Y. pestis kjem inn i kroppen blir bakterien eten av makrofagar, bakterien overlev og reproduserer seg inni makrofagen og blir frakta til næraste lymfeknute. Bakterien går her ut av makrofagen og reproduserer seg vidare. Bakterien er ikkje på same viset motstandsdyktig mot neutrofile granulocyttar, ein annan type kvite blodceller. Det trengst berre ei svært lita mengde bakteriar, truleg mindre enn hundre, for at smitteoverføringa kan få dødeleg utkomme. På den andre sida er overføringa av smittestoff frå lopper lite effektiv, ofte fører ikkje bitt frå smitta loppar til overføring av smittestoff.

Byllepest[endre | endre wikiteksten]

Symptoma på pest kjem brått; pasienten får høg feber, blir svimmel, uvel, slapp, forvirra og ute av stand til å stå på beina. Han får lymfadenitt, lymfeknutebetennelse, i lymfeknutane nærast loppebitet. Etter ei inkubasjonstid på to til seks dagar utviklar betennelsen seg til ein spent og øm trote (på latin bubo). Som regel er denne raudfarga og smertefull, omgjeve av ødem. Den vanlegaste plassen for hevelsen er i lysken, men dei kan òg komme andre plassar ein har lymfeknutar som i armholene, på sida av halsen, på leggane eller kjeven. Hjå ungar er hals eller armholer den mest vanlege plassen for hevelser. Desse hevelsene eller byllane kan sprekke og tømme seg for puss. Utan behandling spreier infeksjonen seg og gjev alvorleg sjukdom, som meningitt (hjernehinnebetennelse) og lungebetennelse (sekundær lungepest). Når pasienten har lungebetennelse kan han hoste opp smittestoff og smitte andre som då får primær lungepest.

Septikemisk pest[endre | endre wikiteksten]

10-20 % av pasientane får primær systemisk pest med symptom som hypotensjon (lågt blodtrykk) og sjokk, utan tydeleg affeksjon av lymfeknutane. Denne gruppa har høg mortalitet. Nemninga septikemisk pest kan vera litt forvirrande etter som dei fleste pasientane med byllar får bakteriar i blodbanen (bakteremi), mange også i så stor mengde at dei får kliniske symptom på sepsis. Det er omdiskutert om septikemisk pest verkeleg er ein eigen form, men forsøk på dyr tyder på det. Ubehandla er letaliteten nærare 100 %.

Lungepest[endre | endre wikiteksten]

Primær lungepest har kort inkubasjonstid, frå eit par timar opp til to-tre dagar. Tilstanden er kjenneteikna av at han kjem brått, og gjev dyspnø (andenaud), høg feber, smertar rundt lungene når ein trekk pusten og at det som kjem når ein hostar (sputum) er blodig. Smertar, forvirring, diaré og koma kan òg vera til stades. Ubehandla er letaliteten nærare 100 %.

At lungepest er særs alvorleg samstundes som han kan bli spreidd som eit aerosol gjer han til eit mogeleg biologisk våpen.

Diagnose og behandling[endre | endre wikiteksten]

Ein kan påvise både agens (bakterien sjølv) og antistoff i biologisk materiale. Behandlinga er isolat og antibiotikabehandling, ved lungepest også profylaktisk av familiemedlem. Vaksine finst, den er ikkje tilgjengeleg i Noreg og har usikker grad av verknad.

Utbreiing i dag[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1987 og 2001 blei det rapportert 36 876 tilfelle av pest til WHO, av desse døyde 2 847. I 2000 og 2001 var meir enn 95 % av verdas kjende tilfelle i Afrika. Madagaskar er særleg råka, med over 41 % av tilfella. Der skjedde det ei bløming på 1980-talet og på 1990-talet var den årlege insidensen ni tilfelle pr. 100 000 innbyggjarar[1].

Pest i historia[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner tre pandemiar med pest. Den første var rundt 540 e.v.t. medan Justinian var keisar i Austromarriket. Den andre var Svartedauden, den tredje starta i Kina på slutten av 1800-talet. Dei fleste daude den gongen var i India og Kina.

Pest i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den første kjende pestepidemien i Noreg var Svartedauden, som kom til Bergen i 1349. Sidan kom det pest til landet i 1359-60 (barnedauden), 1371 (drepsotta, 1391 (usikkert om dette var pest), 1452, 1459, 1500, 1530, 1547, 1565-70, 1583, 1599-1600, 1618-19, 1626, 1629-30, 1637 og 1654. Ikkje alle farangane var landsomfattande.

Ikkje alle pestepidemiar i Nordvest-Europa nådde Noreg. I tida frå 1348 til 1494 var det 16 kjende pestutbrot i Nordvest-Europa, mot fem eller seks kjende i Noreg. Likevel er farangene den viktigaste dynamiske krafta i norsk busetjingssoge i seinmellomalderen. Pesten heldt folketalet nede i omkring 200 år. Denne tidbolken vert difor kalla pesttida. [2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pest

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Michael B Prentice og Lila Rahalison, “Plague,” Lancet 369 (2007): 1196-207.
  2. Kåre Lunden i Det Norske Samlaget (2002): Norges landbrukshistorie ISBN 82-521-5584-7 (band II)