Notfiske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ringnota er snurpa saman så fisken kan pumpast om bord i fiskefartøyet

Ved notfiske prøver fiskaren å få fisken innesperra. Oftast reknar ein nota som ein aktiv fiskereiskap; det vert arbeidd aktivt for å stenge fisken. Not er eit nett av tråd. I motsetning til garnfiske ynskjer ein ikkje at fisken skal sette seg fast i sjølve nettet. Difor bruker ein nøter med heller små mauskar.

Notfiske har vorte drive på svært mange ulike måtar.

Notfiske i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Landnot[endre | endre wikiteksten]

Ei landnot vert sett frå ein eller to båtar rundt fiskestimen. Båe endane vert fest til land antan direkte eller med sterke tampar, drottar. Nota vert dregen til lands etter dei to tampane. Før sjølve nota har nått til lands, og før ho stenger mot botnen kan fisken kome seg fri. Heile nota vert dregen i land, slik at fangsten kan takast hand om. Slikt fiske, gjerne kalla landnotfiske, var tidlegare ein vanleg måte for sildefiske.

Søkkjenot[endre | endre wikiteksten]

Ved søkkjenotfiske lèt ei not ligge flatt på botnen, gjerne ein stad der ein vi fisken samlar seg. Nor ein ser eller trur at fisken står over nota, vert alle fire hjørna inndregne i kvar sin båt slik at nota lagar ein pose, og fisken vert fanga. Det er gjerne sei som har vorte fanga på denne måten.

Kilenot[endre | endre wikiteksten]

Kilenot er ein passiv fiskereiskap som vert brukt til laksefiske. Utsette leidegarn fører laksen til opninga i fangstdelen. Når han kjem inn der har han vanskar med å finne opningen ut og vertgåande i ring til fiskaren kjem. I elvar har ein liknande fangsmåte, flåtefiske, vorte brukt. Då er fangstposen festa under ein flåte i elva. På flåten er det vakt som tek fisken or nota. Dette kjenner ein til frå Numedalslågen[1].

Sitjenot[endre | endre wikiteksten]

Giljenot

Ei sitjenot, eller giljenot, står opa i sjøen. Ho vert vakta frå land. Når vakta ser at det går laks i nota vert ho stengd, og vakta ror ut og hentar fangsten. Ofte ligg det nedsenka kvite flakar så det skal vere lettare å sjå laksen når han går inn i nota. På land er det gjerne ein høg stillas slik at den som vaktar kan få betre oversikt. Slike nøter har gjerne vorte brukte i lakseverpe.

Snurpenot[endre | endre wikiteksten]

Med snurpenot fangar ein pelagisk stimfisk som sild, lodde, makrell og sei. Ved hjelp av to notbåtar vert nota sett i ein ring rundt stimen. I nedre kant av nota går ei snurpeline som gjer ho kan snurpast saman til ein sekk. Så vert nota hala inn i båtane, slik at fisken vert samla i ein så liten sekk at han kan håvast eller pumpast inn i fiskefartøyet. Norske fiskarar fekk dei første snurpenøtene frå USA. Og brukte snurpenot første gong under islandssildfiske i 1903. Ringnot er snurpenot som vert brukt av fiskefartøy utan notbåtar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brynjar Stautland: Frå Klondyke til katastrofe. Vestlandsk sildefiske på Island. Det Norske Samlaget 2002
  • Arnfinn Hay:Fiske og fangst. . Landbruksforlaget 1996

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Allkunnebok Band IV 1953