Alexander Kielland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For plattformulukka, sjå «Alexander L. Kielland»-ulukka.
Bilete av Alexander Kielland
Statue av Alexander Kielland på torget i Stavanger

Alexander Lange Kielland (18. februar 18496. april 1906), vart fødd i Stavanger og døydde i Bergen. Kielland var ein av dei mest kjende forfattarane i Noreg1800-talet. Saman med Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson og Jonas Lie vert han rekna som ein av «dei fire store» i norsk litteratur.

Han høyrde til ei av dei eldste handelsslektene i Stavanger, slekta Kielland. I oppveksten var han del av ein av dei mest velståande heimane i byen. Som gut gjekk han på Stavanger Katedralskole. Han likte seg dårleg på skulen, trass i at han var skuleflink. Han utdanna seg til jurist, og kjøpte eit teglverkMadla ved Stavanger som han dreiv til 1881. I denne tida fekk han god kjennskap til praktisk forretningsliv. I tillegg fekk han eit innblikk i arbeidarane sine vanskelege levekår.

Kielland debuterte i 1879 med Novelletter, ei samling av korte noveller. Året etter skreiv han sin fyrste roman, Garman & Worse. Han skreiv i ein realistisk, samfunnskritisk stil, og kritiserte autoritetar i samfunnet. I Skipper Worse (1882) gjekk han til åtak på religiøs fanatisme, og i Gift (1883) kritiserte han skuleverket og kyrkja. I tillegg kom han inn på tema som embetsstand, ekteskap og klasseskilje.

Frå 1893 til 1902 var Kielland borgermeister i Stavanger. Kielland fekk i september 1902 embetet som amtmann i Romsdals amt, med hovudsete i Molde. Mellom anna skreiv han fleire rapportar etter bybrannen i Ålesund i 1904. Han sat i embetet til han døydde i 1906.

Målarinna Kitty Kielland var systera til Alexander Kielland. Forfattaren og journalisten Axel Kielland var barnebarn av Alexander Kielland.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Paa Hjemveien (drama) 1878
  • Novelletter (kortprosa) 1879
  • Garman & Worse (roman) 1880
  • Nye Novelletter (kortprosa) 1880
  • For Scenen. Tre Smaastykker (drama) 1880
  • Arbeidsfolk (roman) 1881
  • Else (roman) 1881
  • Skipper Worse (roman) 1882
  • To Novelletter fra Danmark (kortprosa) 1882
  • Gift (roman) 1883
  • Fortuna (roman) 1884
  • Sne (roman) 1886
  • Tre Par (drama) 1886
  • Sankt Hans Fest (roman) 1887
  • Bettys Formynder (drama) 1887
  • Professoren (drama) 1888
  • Forsvarssagen (essaysamling) 1890
  • Jacob (roman) 1891
  • Mennesker og Dyr (essaysamling) 1891
  • Omkring Napoleon (essaysamling) 1905

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource Alexander KiellandWikikilden (frie originaltekstar)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Obrestad, Tor: Sannhetens pris : Alexander Kielland : en beretning, Oslo 1996. ISBN 82-02-13013-1

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alexander Kielland