Nikolaj Gogol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Daguerreotypi av Gogol frå 1845

Nikolaj Vasiljevitsj Gogol[1] (1. april 18094. mars 1852) var ein ukrainsk-russisk forfattar. Gogol er særleg kjend for dei såkalla Petersburgnovellene, mellom anna Nasa og Kappa, samt spelstykke som Revisoren, romanen Døde sjeler og den nasjonalromantiske forteljinga Taras Bulba. Den siste handlar om zaporosjkosakkane sin krig mot Polen. Han er kjend for sine humoristiske og absurde innslag både i prosaen og på scena. Gogol var fødd i Velyki Sorotjyntsi i Poltava-guvernementet i dagens Ukraina, den gongen del av Tsar-Russland. Gogol, som var av polsk-ukrainsk ætt, voks opp i Ukraina og arbeidde seinare i Russland der han skreiv på russisk. Etternamnet Gogol var opphavleg eit psevdonym, hans eigenlege etternamn var Janovskij. Han døydde i Moskva.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Gogol voks opp ved Poltava, der han vart student ved gymnaset i Nezjin. Han voks opp i ei tospråkleg russisk/ukrainsk familie og skreiv sine litterære verk på russisk. Nitten år gammal flytta han til St. Petersburg. Der arbeidde han nokre år som kontorist ved eit av departementa. Om kveldane studerte han kunst. Han hadde vanskar med å finne seg til rette i det sosiale livet og forstod ikkje at det vart lagt så stor vekt på personen sin sosiale bakgrunn. Dette stilte han i kontrast til den anspråkslöshet og varme som fanst i heimbyen hans.

Gogol debuterte i 1831 med novellesamlinga Kveldar på ein bondegard nær Dikanka. Boka nådde fort ein stor lesekrins. År 1835 kom novellesamlinga Mirgorod samt samlinga Arabesker. I den siste fann handlinga stad i St. Petersburg. Kjende noveller or samlinga er Nevskij prospekt og Ein galen manns dagbok.

Tematikk - maning til samfunnsendring[endre | endre wikiteksten]

Gogol var ein av dei store forfattarane på 1800-talet som forsøkte å syne kva Tsar-Russland var og korleis det skulle utviklast. I Ein galen manns dagbok skildra Gogol vilkåra for kjærleik kontra ekteskap; hovudpersonen forelskar sig i dottera til sjefen sin, men han får vite at han ikkje kan konkurrere med ein kammerjunker i spørsmålet om ekteskap. «Det vert inkje bryllaup! Kva merkverdig er det med ein kammerjunker. [...]Ein får ikkje eit tredje auge i panna, berre for om ein er kammerjunker. Nasa på han er ikkje laga av gull.[...]», ytrar tittelpersonen som vert dregen inn i ei innbilt verd der han set spørsmål ved seg sjølv og ved tilværet i stort. Kanskje er han greve eller general, funderer han. Han er på veg å verte galen og innbiller seg at han er kongen av Spania.

Taras Bulba (1835) er eit romantisk portrett av zaporosjkosakkane sitt felttog mot polakkane under Hetman-æraen i Ukraina på 1600-talet. I nasjonalromantiske drag målar han eit helteportrett av den gamle kosakken Taras og sønene hans på ei tid då Ukraina slost for sjølvstende og enno ikkje hadde vorte tvinga i union med Moskva, i det lagnadstunge Perejaslavavtalen frå 1654. Taras Bulba har saman med arketypen Kozak Mamaj vorte eit symbol for ukrainsk nasjonal sjølvhevding. I 2009 let regimet i Russland produsere filmen Taras Bulba, som fekk ei openberr russisk-propagandistisk vinkling. Dette vart gjort i samband med 200-års feiringa av Gogols fødselsdag for å manifestere Gogols russiskheit.

1836 kom novella og antologiklassikaren Nasa. Same året var det premiere på teaterkomedien Revisoren. I Revisoren, som ofte vert spela på teaterscener verda over, dreiv Gogol gjøn med byråkratiet i det samtidige Russland. Ein mann har drage ut på landsbygda og gjev seg ut for å vere revisor i staten si teneste og krev av bøndene så store fordelar som han berre kan, så fort han skjønar at landsbybefolkninga tek han for å vere ein representant for styresmaktene.

Portrett av Gogol frå 1840. Ukjend målar

Utanlands[endre | endre wikiteksten]

Gogol kjende sig misforstått av kritikken og publikum kva gjaldt Revisoren. Formålet hans hadde ikkje vore å moroa, men snarare å få i stand endringar i samfunnet. Misnøgd forlet Gogol Russland. Dei neste tolv åra budde han utanlands, mest i Roma. Der byrja Gogol på romanen Døde sjeler, fyrste delen kom i 1842. I verket Døde sjeler er liveigenskapen hovudtema. Hovudpersonen i romanen, Tsjitsjikov, prøver å kome seg opp i samfunnet gjennom å kjøpe opp liveigne personar som har døydd sidan siste folketeljinga. Døde sjeler vart sett opp som teaterstykke i St. Petersburg i Nikolaj Is tid. Det var uvanleg ettersom regimet førte ein streng sensur. Døde sjeler er kanskje Gogols fremste verk.

I 1842 kom novella og embetsmannsatiren Kappa. Novella handlar om korleis ein ytre ting forvandlar ein person sitt sjølvbilete, og andre si oppfatning av ein mann av låg rang. Personen kjøper ein vakker overfrakk av høg kvalitet, men etter som handlinga skrid fram endar han opp i mental ubalanse.

Til Russland att[endre | endre wikiteksten]

Gogol vende heim til Russland i 1848. Forfattarskapen hadde då turka inn. Han byrja interessere seg meir for religiøse spørsmål, starta mellom anna med ein asketisk livsførsel som kan ha vore med og forkorta livet hans.

Etterrakst[endre | endre wikiteksten]

I samtidas Russland vart forfattarane oppfatta som dei intelligente som skulle sameine Russlands splitta folk og etnisitetar. Dei hadde sjølve aksla ei rolle som brubyggjarar mellom eliten og folket i landet.

Gogol var fødd og oppvaksen i Ukraina i ei slekt med røter såvel til polsk adel som til Hetman-æraen sin kosakkleiar. I familiehuset stod det polske familievåpenet i farsstova. Han tala ukrainsk, polsk og russisk og skreiv på russisk.

Forfattaren Gogol var ein av dei største skildrarane av si samtid, i såvel russisk som ukrainsk miljø. Såleis har han ein framskoten plass i både ukrainsk og russisk litteraturhistorie. Litterært vert Gogol rekna til slavofilane, som til dømes Fjodor Dostojevskij.

Verk på norsk[endre | endre wikiteksten]

Forteljingar og noveller[endre | endre wikiteksten]

  • Ein galen manns dagbok. 2002
  • En mainatt. 1890
  • Markedet i Sorotsjinetz. 1893
  • Hvorledes Ivan Ivanovitsj blev uvenner med Ivan Nikiforovitsj. 1948
  • Kappen. 1948
  • Vij. 1948
  • Taras Bulba. 1970
  • Portrettet. 1973
  • Nevskij Prospekt. 1973
  • Nesen. 1973
  • Julenatt. 1979
  • Godseiere fra gamle dager. 1979

Spelstykke[endre | endre wikiteksten]

  • Revisoren. 1960
  • Giftermålet. 1996

Roman[endre | endre wikiteksten]

  • Døde sjeler. 1948

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nikolaj Gogol
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Nikolaj Gogol


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. russisk Николай Васильевич Гоголь, ukrainsk Микола Васильович Гоголь