OS X

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arkitekturen til OS X.

OS X (tidlegare Mac OS X) er eit operativsystem til bruk på Apple sine Macintoshmaskinar. OS X er eit moderne Iniks-liknade operativsystem tufta på Darwin og open kjeldekode som FreeBSD, Apache og GCC. Darwin er eit komplett UNIX-miljø med X11 og POSIX-tenester som tilsvarar dei du finn i Linux eller FreeBSD. OS X nyttar mikrokjernen Mach.

X'en i OS X vert uttala som ti (10, romertal) i staden for "eks". Den rette måten å uttala namnet på versjon 10.4 blir til dømes "O-ess ti tiger versjon ti-punkt-fire."

Programvare som er inkludert saman med operativsystemet [endre]

  • Adressebok - eit program for lagring av kontaktinformasjon
  • DVD-spelar - avspelingsprogram for DVD-filmar
  • iCal - kalenderprogram
  • iChatAV - Apple sin IM-klient med støtte for AIM-nettverket
  • iMovie - eit brukarvennleg videoredigeringsprogram
  • iPhoto - digitalt biletarkiv med enkle redigeringshøve. m.a. fjerning av "raude auge"
  • iSync - synkroniseringsteneste mellom handhaldne apparat (mobiltelefon, iPod, personleg assistent) og Mac, eller Internett og Mac
  • iTunes - digitalt musikkarkiv med støtte for online-kjøp av musikk (førebels ikkje støtta i Noreg, men rykta vil ha det til at denne tenesta er i kjømda)
  • Mail - e-postprogram med støtte for mellom anna S/MIME og filtrering av uønska e-post
  • Preview - eit program for rask vising av ulike filformat. M.a. PDF, jpeg og tiff
  • QuickTime - eit system for vising (og redigering) av ulike video- og biletformat.
  • Safari - Apple sin eigen nettlesar, basert på KDE sin nettlesar Konqueror
  • X11 for Mac OS X - eit komplett X-Window system for å køyra X11 baserte program

Versjonar [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]