Obafemi Martins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Obafemi Martins
Personleg informasjon
Fullt namn Obafemi Akinwunmi Martins
Fødd 28. oktober 1984
Fødestad Lagos
Høgd 172 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Rubin Kazan
Nummer 5
Ungdomsklubbar
1999-2000
2000-01
2001-02
Nigeria Ebedei
Italia Reggiana
Italia Inter
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-06
2006-09
2009-10
2010-
2011
Italia Inter
Newcastle United
Tyskland Wolfsburg
Rubin Kazan
Birmingham (lån)
88 (28)
88 (30)
16 (6)
14 (2)
4 (0)
Landslag
2004- Nigeria Nigeria 37 (18)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. september 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 25. mai 2011

Obafemi Akinwunmi Martins (fødd 28. oktober 1984 i Lagos) er ein nigeriansk fotballspelar som hausten 2011 spela for Rubin Kazan i den russiske fotballigaen, og for det nigerianske landslaget. Martins vart seriemeister i Italia med Inter i 2006. Han vart kåra til årets unge afrikanske spelar i 2003 og 2004. Han var Newcastle United sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 11 seriemål og delt toppskårar i 2008/09-sesongen med åtte seriemål.