Odd Iversen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Odd Iversen, («Ivers»), (fødd 6. november 1945) i Trondheim er ein tidlegare norsk fotballspelar. Han er ein av Noregs beste fotballspelarar gjennom tidene, og han har erfaring frå både norsk, og belgisk toppdivisjon.

Han kom til Rosenborg frå klubben Trond i 1964. Rosenborg rykte opp i toppserien (dåverande 1. divisjon) i 1967, og Odd Iversen blei toppskårar i serien tre år på rad med heile 73 mål på 54 kamper. Han hadde landslagsdebuten sin i ein landskamp mot Finland 1. juni 1967 (Resultat: 2–0). Våren 1970 blei han saman med Harald Sunde utanlandsproff i den belgiske klubben Racing Mechelen, der han spelte fram til 1973. Han sleit med ein skade som ikkje blei helt bra. Før han blei skada stod han øvst på ønskelista til den belgiske toppklubben Anderlecht, som nr 2 på lista hadde dei den legendariske vingen Johan Cruyff. Odd Iversen spelte deretter for Rosenborg fram til 1975, då han gjekk til Vålerenga, der han blei i fem år. Han avslutta karrieren som fotballspelar i Rosenborg, frå 1980 til 1982.

«Ivers» fekk 45 landskamper og han skåra 19 mål for Noreg.

Odd Iversen er far til landslagsspelaren Steffen Iversen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]