Odd Martinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Odd Martinsen, (fødd 20. desember 1942) i Nittedal, er ein tidlegare norsk langrennar og idrettsleiar. Han var medlem av IL i Bondeungdomslaget, Oslo, og har fire individuelle NM-gull (15 km i 1966 og 1970 og 30 km i 1969 og 1971) og sju stafettgull. Det vart VM-gull i 1966 og OL-gull i 1968, begge i stafett. Individuelt vann han fire medaljar i dei internasjonale meisterskapa frå 1966 til –70 (to sølv og to bronse). Han er far til langrennaren Bente Skari.

Langrennaren[endre | endre wikiteksten]

Martinsen slo gjennom i 1966, då han vart norgesmeister på 15 km og vann først bronse og deretter var med på laget som vann stafetten (4×10 km) under VM i Oslo. Under OL 1968 i Grenoble vann han sølvmedaljen på 30 km, og var med på laget som tok gull på 4×10 km stafett. Under VM i 1970 vart det to medaljar, sølv og bronse på høvesvis 15 km og 30 km. Martinsen la opp i 1978, etter femten sesongar på toppnivå.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1966: Bronsemedalje på 15 km og gull på 4×10 km stafett under VM i Oslo.
  • 1967: Nr 3 på femmila i Holmenkollen.
  • 1968: Sølvmedalje på 30 km, nr 8 på 15 km og gull på 4×10 km stafett under OL i Grenoble. Nr 3 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1969: Vinnar av 15 km i Holmenkollen.
  • 1970: Sølvmedalje på 15 km og bronsemedalje på 30 km under VM i Štrbské pleso.
  • 1971: Nr 2 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1972: Nr 9 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1973: Nr 6 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1974: Bronse på 4×10 km stafett VM Falun. Nr 3 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1975: Nr 5 på 15 km i Falun.
  • 1976: Nr 8 på 15 km og sølv på 4×10 km stafett under OL i Innsbruck. Nr 5 på 30 km, Falun.
  • 1977: Nr 5 på 30 km Falun og same plassering på 50 km i Holmenkollen.
  • 1978: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen.

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1964: Nr 5 på tremila på Voss.
  • 1965: Nr 8 på 15 km, Fåberg.
  • 1966: Gullmedalje på 15 km, Hernes
  • 1967: Nr 9 på tremila, Skorovatn.
  • 1968: Bronsemedalje både på 30 km, Bærum og 50 km Hønefoss.
  • 1969: Gullmedalje på 30 km, Gjøvik.
  • 1970: Gullmedalje på 15 km og bronse på 30 km, Trondheim.
  • 1971: Gullmedalje på tremila, Fåberg.
  • 1972: Bronsemedalje på 15 km, Tydal.
  • 1973: Nr 11 på tremila, Fåberg.
  • 1974: Sølvmedalje på 50 km, Sørreisa.
  • 1975: Bronsemedalje på 15 km, Heddal.
  • 1976: Bronsemedalje på 30 km, Surnadal.
  • 1977: Bronsemedalje på 50 km, Vang.
  • 1978: Sølvmedalje på 15 km, Konnerud.

Han vart norgesmeister i stafett sju gonger, i 1970, 1972, 1973, 1974, 1975, 1976 og 1978.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Martinsen var ein langrennar med høg toppfart. Både i 1966 og i 1968 sprengde han feltet på startetappen i VM og OL-stafettane, og fekk klengenamnet «Stafett-Martin». Han var klart best på 15 km og 30 km, på 50 km hamna han oftast eit stykke bak dei typiske milslukarane.

Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1969.

Martinsen var formann i langrennskomiteen i FIS i perioden 1986-2002.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar