Oh Lonesome Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oh Lonesome Me
Singel av Don Gibson
B-side «I Can't Stop Loving You»
Utgjeve 1958
Sjanger Country
Lengd 2:26
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Don Gibson
Produsent Chet Atkins
Don Gibson-kronologi
«Sweet Dreams»
(1956)
Oh Lonesome Me «Blue Blue Day»
(1958)

«Oh Lonesome Me» er ein populær song skriven og innspelt av Don Gibson med Chet Atkins for RCA-Victor i Nashville i 1958. Songen toppa country-lista i USA i åtte veker på rad, og nådde 7. plass på Billboard-lista.[1] B-sida var «I Can't Stop Loving You», som har vorte ein standardsong.[2]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort mange andre utgåver av songen.

Craig Douglas spelte inn ein versjon i Storbritannia i 1962 på (Decca-etiketten, produsert av Bunny Lewis.[3]. Denne nådde 11. plass i Storbritannia og låg på lista i 11 veker..[4]

Neil Young spelte inn songen i lag med Crazy Horse for albumet hans After the Gold Rush i 1970. Denne versjonen er mykje langsamare enn originalversjonen, og det kan vere vanskeleg å høyre at det er same songen.

Johnny Cash nådde 13. plass på countrylista med songen i 1961 på,[5] Stonewall Jackson 63. plass i 1970,[6] Loggins & Messina 92. plass i 1975[7] og The Kentucky Headhunters 8. plass i 1990.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 157. ISBN 0-89820-177-2. 
  2. Gillett, Charlie (1996). The Sound of byen: The Rise of Rock og Roll ((2nd Ed.) ed.). New York, N.Y.: Da Capo Press. ss. 108–109. ISBN 0-306-80683-5. 
  3. Chart Stats - Images - Singles - 3279.jpg
  4. Chart Stats - Craig Douglas - Oh Lonesome Me
  5. Whitburn, s. 84
  6. Whitburn, s. 203
  7. Whitburn, s. 243
  8. Whitburn, p. 223