Ohaeawai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ohaeawai er ein liten by ved kryssinga mellom riksvegane State Highway 1 og State Highway 12 i Far North DistrictNordøyaNew Zealand, om lag 250 km frå Auckland. Byen hadde 711 innbyggjarar ved folketeljinga i 2006.

I nærleiken ligg staden der det blodige slaget (the Battle of Ohaeawai) vart utkjempa ved māorihøvdingen Pene Taui sin pa i 1845 under «Flaggstongkrigen». Det kvikksølvhaldige vatnet til eit lite helsespa i Ngawha Springs kjem frå eit mindre termisk område mot vest, der det nye fengselet i Northland er bygd. Byen er sentrum i eit rikt landbruksdistrikt, med byen Kaikohe lenger vest, og Bay of Islands eit kort stykke austover.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.