Northland på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Regionen Northland
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Position of Northland.png
Regionstyre
Namn: Northland Regional Council
Leiar: Mark Farnsworth
Folketal: 148 470
Ved folketeljinga i 2006
Areal: 13 789 km²
Lokale iwi: Te Rarawa, Ngā Puhi, Ngāti Whātua, Te Aupouri, Ngāti Kahu, Te Roroa, Ngāti Wai, Ngāi Takoto, Ngāti Kurī
Heimeside: http://www.nrc.govt.nz
Byar og tettstader
Byar: Whangarei, Kaitaia
Mindre byar og tettstader: Kaeo, Kawakawa, Moerewa, Kaikohe, Ohaeawai, Okaihau, Kerikeri, Dargaville, Russell, Paihia, Waitangi, Taipa-Mangonui, Donnelly's Crossing, Opononi, Rawene, Ruakaka, Waipu, Kaiwaka, Wellsford, Mangawhai, Ruawai, Maungaturoto, Paparoa.
Distriktsstyre
Namn: Far North District, Kaipara District, Whangarei District
Heimesider: http://www.fndc.govt.nz, http://www.kaipara.govt.nz, http://www.wdc.govt.nz,

Northland på New Zealand er ein av dei 16 regionaneNew Zealand, og, som namnet seier, den nordlegaste administrative regionen i landet. Māorinamnet på regionen er Te Tai-tokerau. Regionen ligg heilt nord på Nordøya, og administrasjonssentret ligg i byen Whangarei.

Geografi og demografi[endre | endre wikiteksten]

Whangarei Harbour sett frå Mount Manaia.
Kart som viser folketettleiken i Northland ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Northland ligg i området som newzealendarar ofte omtalar som Far North (fjerne norden), eller, på grunn av det tempererte klimaet, The Winterless North (vinterlause norden). Det omfattar dei nordlegaste 80 % av den 285 kilometer lange halvøya North Auckland Peninsula, den sørlegaste delen ligg i Regionen Auckland.

Regionen strekkjer seg frå ei innsmaling av halvøya nær byen Wellsford, nordover til enden av North Auckland Peninsula, og dekkjer eit område på 13 940 km², litt over fem prosent av arealet til landet. Han er avgrensa mot vest av Tasmanhavet og mot aust av Stillehavet. For det meste er landskapet kupert. Jordbruk og skogbruk legg beslag på meir enn halvdelen av regionen, og er dei to viktigaste næringsvegane her.

Sjølv om mange av kauriskogane i regionen vart hogde ut på 1800-talet, er det enno att somme område der desse sjeldne kjempetrea får veksa seg høge. Det største treet på New Zealand, Tāne Mahuta, står i skogområdet Waipoua Forest sør for hamna Hokianga Harbour.

Vestkysten er kjenneteikna av fleire langstrakte strender, den mest kjende av desse er den noko unøyaktig namngjevne 88 kilometer lange Ninety Mile Beach, heilt nord i regionen. To store havbukter ligg òg på vestkysten, den store Kaipara Harbour i sør, som Northland deler med Regionen Auckland, og det kronglete innløpet til Hokianga Harbour.

Austkysten er meir oppriven av havbukter og halvøyer. Fleire større naturlege hamner ligg på denne kysten, frå Parengarenga nær nordenden til regionen, nord for den kjende havbukta Bay of Islands og sør til Whangarei Harbour, der det mest folkerike bysenteret i regionen ligg. Langs austkysten ligg òg talrike øyer, mellom desse Cavalli Islands, Hen and Chicken Islands, Aorangaia Island og Poor Knights Islands.

Det nordlegaste punktet til Nordøya ligg nørdst i Northland. Det er fleire punkt som folk mistek for å liggja lengst mot nord i landet: Cape Maria van Diemen, Spirits Bay, Cape Reinga, og North Cape. Det nordlegaste punktet på Nordøya er Surville Cliffs, nær North Cape, men det nordlegaste punktet i landet ligg ennå lenger nord, i øykjeda Kermadec Islands. Cape Reinga og Spirits Bay spelar likevel ei symbolsk rolle som enden på landet. I māorisk mytologi heiter det at det er herfrå sjelene til dei døde dreg ut på reisa til tilværet etter døden.

Kauritre, Agathis australis.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Den geografiske lokaliseringa til regionen mellom Tasmanhavet og Stillehavet fører til varme, fuktige sumrar og milde vintrar. Typiske maksimumstemperaturar ligg om sommaren mellom 22 °C og 26 °C (72 °F til 79 °F). Om vinteren ligg maksimum mellom 14 °C og 17 °C (57 °F og 63 °F). Rim på marka er så godt som ukjent, men berrfrost kan ein sjeldan gong opplevast i låglandet kring Dargaville. Dei varmaste månadane er januar og februar. Årleg nedbørsmengde ligg på 1500–2000 mm. Den dominerande vindretninga er året rundt sørvestleg, men regionen kan òg verta utsett for stormar, gjerne restar etter tropiske syklonar frå det sentrale Stillehavet.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Administrasjonssenteret til Northland Regional Council ligg i Whangarei. Det er tre inndelingar i distriktsstyre i regionen Northland:

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Northland er den minst urbaniserte regionen på New Zealand, då berre om lag 50 % av eit folketal på 148 470 bur i urbane område. Av desse områda er Whangarei det største, med eit folketal på 45 000. Sju andre sentra har eit innbyggjartal over 1000: Kaitaia, Dargaville, Kaikohe, Paihia, Kerikeri, Taipa-Mangonui og Kawakawa. Gjennom det siste tiåret har busetnaden i Northland gått i motsett lei av den nasjonale (og verdsomspennande) trenden ved å verta aukande rural. Busetjinga er for ein stor del konsentrert langs austkysten til regionen. I femårsperioden fram til 2001 hadde Northland ein vekst i folketalet på 8,1 prosent, litt over det nasjonale gjennomsnittet. Northland har ein av dei byane på New Zealand som veks snøggast, Mangawhai, på grunn av utbygging av bustadområde, noko som òg har ført til aukande forretningsverksemd.

Om lag ein tredjedel av innbyggjarane i regionen er māoriar, storparten av dei andre er av europeisk avstamming. Gjennom generasjonar har mange av māoriane frå iwi som opphavleg heldt til i Northland, flytta til andre stader på øyene, men i kulturell, historisk og politisk samanheng reknar dei seg stadig tilhøyrande sine iwi og sine tradisjonelle område i regionen. Samanlikna med resten av landet er folk frå Stillehavsøyene underrepresenterte i Northland. Sjølv om størstedelen av innbyggjarane med europeisk bakgrunn i regionen er av britisk opphav (som i resten av landet), har andre etniske grupper sett sitt preg på folkesamansetjinga i Northland. Av desse har truleg det dalmatiske samfunnet i Dargavilleområdet markert seg mest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kerikeri i Bay of Islands.
Stone Store til venstre, St. James i bakgrunnen og Kemp House til høgre.

Māoriske overleveringar fortel at Nordøya var ein kjempesvær fisk som vart fanga av halvguden Māui. Av denne grunnen vert Northland stundom kalla «halen til fisken», Te Hiku o Te Ika.

Iwi i Northland meiner at oppdagaren Kupe gjekk i land ved Hokianga (andre meiner det var ved Taipa) nordvest i Northland, og regionen gjer derfor krav på å vera «fødestaden» til New Zealand. Nokre av dei eldste funna av māori kainga (fiskarlandsbyar) er funne her.

Om māoriane ser på regionen som den opphavlege fødestaden til landet, er det ingen tvil om at han òg var utgangspunktet til den moderne nasjonen New Zealand. Handelsfolk, kval- og selfangarar var mellom dei første som kom hit, og gum (meir eller mindre forsteina kvae frå kauritreet) og tømmer frå dei store kauritrea bringa fleire innvandrarar hit.

Kerikeri i Bay of Islands gjer (som byen Russell) krav på å vera den første permanente europeiske busetnaden på New Zealand, og har fleire historiske bygningar, mellom desse Stone Store, den eldste bevarte bygningen på New Zealand.

Den nærliggjande busetnaden Waitangi fekk større betydning, ettersom han vart staden der Waitangitraktaten, overeinskomsten mellom māoristammar og representantar frå britiske styresmakter, vart underteikna 6. februar 1840.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste næringsvegane til regionen er jordbruk (vesentleg storfedrift), fiske, skogdrift og hagebruk. Sitrusfrukter utgjer storparten av den sist nemnde industrien, med produksjon av sitronar, appelsinar, og tamarillo («tretomat», Cyphomandra betacea). Avocado er òg mykje dyrka, likeeins søtpotet (kumara), særleg i Ruawai i Kaiparadistriktet. Oliven vert dyrka på Aupouri Peninsula.

Utbreidde skogområde kjenneteiknar landskapet i Northland. Trelastverksemd og papirindustri gjev derfor eit viktig bidrag til økonomien i regionen.

Northland er eit populært turistmål, særleg Bay of Islands og den historiske staden Kerikeri. Båtliv, dykking og sportsfiske er vanlege fritidsaktivitetar, særleg kring Bay of Islands og øykjeda Poor Knights Islands.

Det einaste oljeraffineriet på New Zealand ligg i Northland, ved Marsden Point, i nærleiken av Whangarei. Dei naturlege oljeførekomstane i New Zealand i Taranaki utgjer litt under halvparten av tilførsla til raffineriet, resten kjem for det meste frå Midtausten. Marsden A varmekraftverket, som ligg i nærleiken, brukte tungolje frå raffineriet til å produsera elektrisitet. Dette kraftverket er no stengt av.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Northland på New Zealand

Kjelder[endre | endre wikiteksten]