Olav Skjevesland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olav Skjevesland
Foto: Kirkens informasjonstjeneste

Olav Skjevesland (fødd 31. mai 1942 i Drøbak) er biskop i bispedømet Agder og Telemark i den norske kyrkja, og har vore det sidan 1998.

Skjevesland har teologisk utdanning frå Menighetsfakultetet i Oslo, og vart cand.theol. i 1967. Han har hatt undervisingsstillingar og prestestillingar fram til han i 1998 vart utnemnd til biskop av Agder (frå 2005 kalla Agder og Telemark). Professor Skjevesland etterfylgde Halvor Bergan som gjekk av 1. januar 1999.

Han vart preses i bispemøtet frå 2006.

Skjevesland tok praktisk-teologisk eksamen i 1969. Han har hatt teneste som hjelpeprest i Nordstrand prestegjeld i Oslo (1968-72), undervist som lektor ved Det norske diakonhjem (1972-74), arbeidd som studiesekretær i Den norske kirkes presteforening (1973-75) då han også var stipendiat ved stiftinga «Kirkens Hus» (1974-75). Frå 1975-76 var Olav Skjevesland sokneprest i Kampen prestegjeld i hovudstaden, og deretter og fram til 1979 residerande kapellan i Nøtterøy prestegjeld i Tunsberg. Sidan var han tilknytt Menighetsfakultetet, som fakultetslektor ved det praktisk-teologiske seminar, seinare som rektor, og frå 1994 også som professor i praktisk teologi.


Biskopar i den norske kyrkja
Preses: Helga Haugland Byfuglien  | Agder og Telemark: Stein Reinertsen | Bjørgvin: Halvor Nordhaug | Borg: Atle Sommerfeldt | Hamar: Solveig Fiske | Møre: Ingeborg Midttømme | Nidaros: Tor Singsaas | Nord-Hålogaland: Per Oskar Kjølaas | Oslo: Ole Christian Kvarme | Stavanger: Erling Pettersen | Sør-Hålogaland: Tor B. Jørgensen | Tunsberg: Laila Riksaasen Dahl