Olav Vesaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Vesaas

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. desember 1935 (88 år)
Vinje kommune
Yrke journalist, skribent, biograf
Far Tarjei Vesaas
Mor Halldis Moren Vesaas

Olav Vesaas (fødd 21. desember 1935) er ein norsk forfattar og journalist fødd i Vinje i Telemark. Han er cand. philol., og skreiv hovudoppgåve om dei fire romanane faren Tarjei skreiv om Klas Dyregodt. Han er mellom anna kjend som programleiar for det tidlegare NRK-radioprogrammet Språkrøret og for mange program om litteratur. Han var forlagssjef i Det Norske Samlaget 1978-80. I fleire år var Olav Vesaas medlem av ulike litteraturutval i Norsk kulturråd og sat i styret for Nordens hus på Island og for Norsk-finsk kulturfond. Vidare var han medlem av Bokklubbens lyrikkutval og har redigert fleire diktantologiar.

Vesaas er son av forfattarane Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas og eldre bror av barnebok-redaktøren Guri Vesaas.

Han vart tildelt Storegutprisen i 2018.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • 1985: Tarjei Vesaas om seg sjølv, som redaktør
  • 1992: Telemark - dikt og draum
  • 1994: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen
  • 1995: Løynde land - ei bok om Tarjei Vesaas, biografi
  • 2001: Aasmund Olavsen Vinje - ein tankens hermann, biografi
  • 2007: Å vera i livet: ei bok om Halldis Moren Vesaas, biografi

Olav Vesaas har òg redigert fleire bøker med tekstar av foreldra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]