Guri Vesaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guri Vesaas
Pseudonym Hanna Midtbø
Nasjonalitet Norsk
Fødd 13. januar 1939 (75 år), i Vinje
Yrke Forlagsredaktør, omsetjar
Sjanger Barnelitteratur

Guri Vesaas (fødd 13. januar 1939) er ei norsk forlagskvinne og omsetjar fødd i Vinje i Telemark. Ho var forlagsredaktør for Det Norske Samlaget si barnebokavdeling frå 1974 til 2006.

Vesaas har særleg vore oppteken av å gje ut barnebøker med kunstnarlege og litterære kvalitetar. Gjennom aktive initiativ har ho fått i stand samarbeid mellom ei rekkje forfattarar, illustratørar og biletkunstnarar. På den måten har ho vore med på å støtte biletboksjangeren i Noreg og skape moderne barnebokklassikarar. I 1974 hadde ho permisjon frå forlaget for å arbeide som redaksjonssekretær i barnebladet Maurtua. Under psevdonymet Hanna Midtbø har ho sidan 1976 omsett kring 50 barnebøker til norsk. Det oppdikta etternamnet Midtbø er knytt til barndomsheimen i Vinje.

Guri Vesaas er dotter av forfattarane Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas og litlesyster til NRK-journalisten Olav Vesaas.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Vesaas har fått ei rekkje prisar for arbeidet sitt. I 1987 og 1996 mottok ho Nynorsk barnelitteraturpris frå Noregs Mållag og i 2000 fekk ho Målprisen. I 1996 fekk Guri Vesaas NBU-prisen, i 2004 Ord & Bilde-prisen frå Grafill for å ha fremja den gode biletboka, og i 2005 fekk ho Bastianprisen frå Norsk Oversetterforening for den omfattande verksemda som omsetjar. Då ho gjekk av med alderspensjon i desember 2006 vart ho heidra med forlaget si julebok for 2006: Hanna Midtbø alias Guri Vesaas, med helsingar frå kollegaer og forfattarar.

Året etter, i august 2007 vart ho utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen sin for barne- og ungdomslitteraturen. Same året vart ho utnemnt til Årets nynorskbrukar, og mottok heidersprisen til Brageprisen som «nestoren innan norsk barnebokproduksjon, for hennar eineståande innsats for norsk barne- og ungdomslitteratur».

I 2010 vart Guri Vesaas utnemnt til heidersmedlem i Noregs Mållag.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ottar Grepstad (1998) «Nynorsk barnelitteraturpris» – i: Nynorsk faktabok 1998, s. 284 – Nynorsk forum.
  2. Nynorsk barnelitteraturpris. Noregs Mållag. Vitja 25. februar 2012.
  3. «Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2012». Norsk Barnebokinstitutt (14. mars 2013). Vitja 21. mars 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]