Ole Stenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ole Stenen (29. august 190323. april 1975) var ein norsk skirennar og landpostbod, fødd og død i Øyer, som vart olympisk meister i militært patruljeløp under vinter-OL 1928 og verdsmeister på 50 km i 1931. Han tevla både i langrenn og kombinert.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Stenen var fødd utanfor ekteskap. I 1910 var mor hans i teneste som budeie på ein gard i heimbygda, der også han sjølv vart oppført i folketeljinga som «tjener». I ungdomen melde han seg inn i det unge idrettslaget Øyer IF og vart ganske tidleg ein toppidrettsmann i langrenn og kombinert.

Han fekk sitt gjennombrot i 1926-sesongen med NM-sølv i kombinert og tredjeplass på femmila i Holmenkollen. I 1928 vart han norsk meister i kombinert, medan han under vinterleikane i St. Moritz same sesongen vann OL-gull i militært patruljeløp, saman med Ole Reistad, Leif Skagnæs og Reidar Ødegaard. Sesongen vart runda av med andreplass i kombinert-tevlinga i Holmenkollen. Året etter tok Stenen sølvmedaljen i kombinert under ski-VM i Zakopane, i ei tevling der landsmannen Hans Vinjarengen vann ein suveren siger.

I 1931-sesongen vart Stenen noregsmeister i kombinert for andre gong. Under verdsmeisterskapen 1931 i Oberhof i Tyskland deltok han derimot på 50 km, der han med tida 3.52.09 sikra seg gullmedaljen i hard kamp med landsmannen Martin P. Vangli som fekk notert 3.52.35. Same sesongen vart Stenen tildelt Holmenkollmedaljen, saman med Hans Vinjarengen. Stenen kom så på sølvplassen då Johan Grøttumsbråten i 1932 vann OL-gullet i kombinert, framfor tre landsmenn, under vinter-OL i Lake Placid.

Stenen deltok i sitt siste store meisterskap i 1934. Under ski-VM i Sollefteå kom han på fjerdeplass i kombinert-øvinga, slått av tre landsmenn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili:Sport i navn & tall, 1971