Øyer kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øyer kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0521
Fylke Oppland
Adm.senter Tingberg
Areal 640 km²
Folkemengd 5 102 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-2011) Mari H. Botterud (H)
Målform Nøytral
Nettstad www.oyer.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0521.svg
Øyer kommune på Commons
Øyer rådhus
Frå Hafjell om vinteren.
Øyer stasjon (på vestsida av Lågen) vert no berre nytta til kryssing.
Øyertunnelen hjelp på trafikkavviklinga gjennom Gudbrandsdalen.

Øyer er ein kommune i Oppland. Han grensar til Ringebu i nord, Stor-Elvdal i aust, Ringsaker og Lillehammer i sør, og Gausdal i vest. Kommunen omfattar to sokn, Øyer og Tretten, og administrasjonssenteret ligg på Tingberg. Totalarealet er ca. 640 km² av dette er rundt 20 km² vatn.[2]

Namn og symbol[endre | endre wikiteksten]

Nament «Øyer» er ei skriftform av «øy» i tydinga 'låglende ved vatn'. Vatnet det er snakk om må då vera Gudbrandsdalslågen.[3] Kommunevåpenet viser «På grønn bunn en sølv hærder», det vil seia ein trering som tidlegare blei brukt til å setja fast tau rundt lass eller bører.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øyer har tradisjonelt vore ein jord- og skogbrukskommune. Jordbruksarealet er på rundt 32 000 daa, produktivt skogareal på rundt 163 000 daa og utmarksarealet rundt 360 000 daa. Det er om lag 180 gardsbruk i drift i kommunen som til saman har 1 200 mjølkekyr, 350 ammekyr og om lag 8 000 sauer og lam på beite om sommaren. Øyer har òg ein viss svineproduksjon, og kommunen har nav i ein purkering og i ein teststasjon for storfe.[2]

I Øyer har fjellet lenge vore viktig, også som jordbruksområde. På 1960-talet dyrka ein opp store område på fjellet, og i dag ligg ein tredjedel av all dyrka mark her. Store delar av området er statsallmenning, det vil seie at staten er grunneigar medan bruken blir administrert av fjellstyret.[2]

Gudbrandsdalslågen er rekna som ei god fiskeelv. Lågen og tilførande elvar kan medføra flaumfare, og ein storflaum i 1995 skapte store øydeleggingar i Tretten. I mai 2013 truga ein ny flaum, men kommunen kom frå han utan større skader.[4]

Reiseliv og fritid[endre | endre wikiteksten]

Førebuingane til OL på Lillehammer i 1994 førte til kraftig utbygging fjellet for reiselivsutbygginga. Ved Hafjell Alpinsenter finst hotell, leilegheiter, storhytter og mange nye private hytter.[2] Nord for alpinsenteret ligg golfbanen Hafjell Golf med ni hol.[5] Det finst likevel også mange urørte fjellområde i kommunen.[6]

Det finst idrettsanlegg både i Øyer og på Tretten og ein idrettshall på Tretten, og fleire lysløyper her: Ved Tretten idrettshall, i Musdal som også er skiskyttarløype, på Granrudmoen og på Lisetra.[2]

Verdt å sjå i Øyer[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Øyer kommune

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Om Øyer» ved oyer.kommune.no.
  3. «Om Øyer» ved oyer.kommune.no, som oppgav Norsk stadnamnleksikon.
  4. «Om flommen», oyer.kommune.no; «E6 i Øyer bestod flomtesten», vegvesen.no
  5. http://www.hafjellgolf.no/
  6. «Severdigheter», oyer.kommune.no