Ole Walaas Selvaag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Walaas Selvaag

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. februar 1870
Hjelmeland kommune
Død

24. juni 1930 (60 år)

Yrke lege
Ole Walaas Selvaag på Commons

Ole Walaas Selvaag (1. februar 187024. juni 1930) var ein norsk distriktslækjar og politikar, fødd i Hjelmeland og busett i Vanse i Vest-Agder. Han var far til Olav Selvaag.

Selvaag var son til ein skipper. Sjølv vart han student frå Aars & Voss skule i Kristiania i 1888 og var utdanna cand.med. sju år seinare. I januar 1896 byrja han som lækjar i Vanse på Lista, og vart der verande til han døydde 34 år etter, frå 1915 med tittelen distriktslækjar.

Frå 1901 til 1919 var Selvaag medlem i heradsstyret i Vanse, der etter i heradsstyret i Lista til han døydde. Han var 1904-19 ordførar i Vanse, 1922-25 i Lista. I Vanse var han elles formann i verjerådet, i fabrikktilsynet frå 1909, ordførar i helserådet frå 1911 og styreformann 1922-26 i elektrisitetsverket. Stortingsperioden 1916-18 representerter han einmannskrinsen Lister og partiet Venstre på Tinget, sekretær i Næringskomite nr 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]