Olga Pyljova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olga Valerjevna Pyljova (russisk Ольга Валерьевна Пылёва) (fødd 7. juli 1975) i Borodino i Krasnojarsk kraj i Russland) er ein russisk skiskyttar. Ho er olympisk meister og verdsmeister i skiskyting. Mellom februar 2006 og februar 2008 er ho utestengd frå skiskyting grunna doping. På norsk ser ein ofte namnet hennar skrive Olga Pyleva.

Pyljova byrja å gå på ski som tiåring. Ho var først langrennsløpar og konkurrerte på høgt internasjonalt nivå som junior. I 1996 fekk ho dottera Dasja med mannen, Jevgenij Pyljov. Då ho vende tilbake til toppidrett gjekk ho over til skiskyting, og i 2000 kom ho med på det russiske landslaget. Same året var ho med å vinna det første av så langt fire VM-stafettgull i verdsmeisterskapen i skiskyting i Holmenkollen. I vinter-OL 2002 i Salt Lake City vann ho jaktstarten og i VM i Oberhof i 2004 vann ho 15 km.

I OL i Torino i 2006 kom ho i mål som nummer to på 15 km, men ho testa positivt for det forbodne stoffet Carphedon og vart diskvalifisert for doping. Ho vart utestengt frå skiskyting for to år frå 13. februar 2006.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(pr. 15. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • Ein 2. plass (2003/04), ein 3. plass
  • Verdsmeisterskap:
    • 5 gull (1 individuelt, 15 km 2004), 1 sølv, 1 bronse
  • Olympiske leikar:
    • 1 gull (jaktstart, 2002), 1 bronse
  • Verdscuprenn:
    • 10 gull, 13 sølv, 11 bronse