Alytus

Koordinatar: 54°24′N 24°3′E / 54.400°N 24.050°E / 54.400; 24.050
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Olita)
Alytus
Byvåpenet til Alytus
Byvåpenet til Alytus
Styresmakter
Land
Etnografisk region
Fylke
Litauen
Dzūkija
Alytus fylke
Først nemnd
Byrettar
1377
1581
Geografi
Flatevidd 48 km²
Flatevidd
 - By

40 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

68 828
  1 720/km²
Koordinatar 54°24′N 24°3′E / 54.400°N 24.050°E / 54.400; 24.050
Høgd over havet om lag 200 m
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: www.alytus.aps.lt
Plassering
Plassering av Alytus
Plassering av Alytus

Alytus er den sjette største byen i Litauen med om lag 70 000 innbyggjarar. Han ligg sør i landet og er det historiske sentrumet i regionen Dzūkija. Elva Nemunas renn gjennom byen. Dei største hovudvegane går til Vilnius, Kaunas, Lazdijai og Hrodna i Kviterussland. Avstanden frå Alytus til Kaunas er 70 km og til Vilnius 105 km.

Byen var delt i to separate einingar i fleire hundreår og består av to delar som ofte vert kalla Alytus I og Alytus II. Den første var ein mindre by og den andre danna seinare bysentrumet med parkar og industriområde.

Byen sine historiske og etniske namn inkluderer latvisk: Alīte, polsk Olita, jiddisch Olita eller Alite og russisk Алитус.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]