Nemunas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For byen i Kaliningrad oblast, sjå byen Neman
Nemunas
Kart over Nemunas
Kart over Nemunas
Utspring 45 km sør for Minsk i Kviterussland
- Høgd 176 m
Munning Kurskij Zaliv i Austersjøen
Land i nedslagsfelt Kviterussland, Litauen, Russland (Kaliningrad oblast)
Lengd 937 km
Middelvassføring 616 m³/s
Nedslagsfelt 986 000 km²
Nemunas nær Alytus

Nemunas, Neman eller Niemen (kviterussisk Нёман, Njoman; tysk Memel; litauisk: Nemunas; polsk Niemen; russisk Неман) er ei stor elv i Aust-Europa, som har sitt utspring i Kviterussland og renn gjennom Litauen og ut i strandsjøområdet Kurskij Zaliv i Austersjøen ved Klaipėda. Ho er den 14. lengste elva i Europa, den lengste i Litauen, og den tredje største i Kviterussland, og det er mogeleg å segle i nesten heile elva, som har ei lengd på over 900 km.

Nemunas sitt nedslagsfelt vart danna i Kvartær-perioden, og ligg om lag der isgrensa gjekk under den siste istida, rundt 22 000-25 000 fvt.. Djupet i elva varierer frå 1 m nær toppen av elva til 5 m i nedre del.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Den totale lengda til Nemunas er 937 km, og er med det den fjerde lengste elva i tilsigsområdet til Austersjøen. 459 km renn gjennom Kviterussland, 359 km i Litauen. 116 km av Nemunas utgjer grensa mellom Litauen og Kalinigrad oblast, som høyrer inn under Russland, og Kviterussland.
  • På det breiaste er elva opp mot 500 meter, og på det djupaste 5 meter.
  • Nemunas renn sakte, og farten er om lag 1 til 2 m/s.
  • Når elva flaumar over kan vassføringa stundom auke 11 gongar, til meir enn 6 800 m³/s. Alvorlege flaumar oppstår i dei nedre delane av elva med 12 til 15 års mellomrom. Desse flaumane kan stundom vaske med seg bruer. [1]
  • Nemunas er ei gamal elv som går tilbake til istida. Dalen ho renn gjennom er på opp til 60 meter djup og 5 kilometer brei.
  • Nemunas har om lag 105 sideelvar av første orden, og dei største er Neris (Vilija) (510 km), Sjtsjara (325 km), og Šešupė (298 km). 15 av sideelvene er lenger enn 100 km.
  • I nedslagsfeltet til Nemunas er det sideelver som strekkjer seg tilbake til 11. orden (ei elv som renn direkte ut i Nemunas er av første orden, ei elv som renn ut i ei av desse sideelvene er av andre orden i forhold til Nemunas osv.).
  • Nemunas i Litauen får vatn frå meir enn 20 000 elvar og bekkar, og nedslagsfeltet utgjer om lag 72 % av landområdet i Litauen.
  • Det totale arealet til Nemunas sitt nedslagsfelt er 97 863 km², og den litauiske delen av dette er 46 695 km².

Kulturelt[endre | endre wikiteksten]

tysk er elva kalla die Memel tilbake til om lag 1250den tyske riddarordenen bygde borga Memelburg og landsbyen Memel ved munningen av Kurskij Zaliv. Byen Memel er i dag kjend som Klaipėda. På tyske vegkart og tyske leksika var det berre dei 112 km innanfor Prøyssen som var kalla Memel, resten av elva utanfor Tyskland vart kalla Niemen. Grensa mellom Den tyske ordensstaten og Litauen vart fastsett i 1422 av Melnosjøtraktaten, og grensa låg slik i fleire hundreår. I 1919 førte Versaillestraktaten til at elva vart grensa mellom Memelterritoriet og tysk Aust-Prøyssen. Sidan denne tida vart Deutschlandlied nytta som den tyske nasjonalsongen, og i første vers, som vart skriven i 1841, vert elva nemnd som den austlege grensa til Tyskland.

Nemunas i Druskininkai
Tysk tekst Tilnærma norsk omsetjing
Von der Maas bis an die Memel,
Von der Etsch bis an den Belt
Frå Meuse til Memel
Frå Adige til Belt

Litauarane referer til Neumanas som «elvenes far». Mange selskap og organisasjonar i Litauen har «Nemunas» i namnet sitt, inkludert ei folkemusikk-gruppe, eit vekesmagasin om kunst og kultur, eit sanatorium, og fleire gjestehus og hotell. Litauisk og polsk litteratur nemner ofte Nemunas, og eit av dei mest vidkjende dikta til Maironis byrjar med:

Litauisk tekst Tilnærma engelsk omsetjing
Kur bėga Šešupė, kur Nemunas teka Der Šešupė går, der Neman renn
Tai mūsų tėvynė, graži Lietuva Det er heimlandet vårt, vakre Litauen

Nesten alle litauarar kan desse orda utanatt, og dei er så kjende at enkelte ser på dei som ein uoffisiell nasjonalsong.

Det er fleire andre mindre elvar og bekkar i Litauen med namn som sannsynlegvis er kalla opp etter Nemunas — Nemunykštis, Nemuniukas, Nemunynas, Nemunėlis, Nemunaitis. Ein er ueinig om opphavet til namnet. Enkelte meiner at Nemunas er eit gamalt ord som tyder «ein fuktig plass», medan andre meiner at Nemunas var ein gud i baltisk mytologi.

Nemunassvingane[endre | endre wikiteksten]

Nemunas svingar seg gjennom Liškiava
Pengeseddelen 500 litas har bilete av Nemunassvingane

I 1992 vart Nemunassvingane regionalpark grunnlagd. Målet til parken er å bevare dei spektakulære svingane (litauisk: vingis) som Nemunas gjer i Puniaskogen. Nær Prienai dannar Nemunas 17 km lange svingar eller løkker (som ein drope), og er berre 1,2 km frå å fullføre ein heil sirkel. Nemunas renn ved sida av seg sjølv i om lag 48 km mellom Balbieriškis og Birštonas og flyttar seg så nordover i 4,5 km. Her ligg ein viktig historisk stad med borger som danna eit forsvarsverk for den tyske riddarordenen.

Nemunasdeltaet[endre | endre wikiteksten]

Nær munningen delar Nemunas seg opp i fleire elvar og kanalar blanda med dikelandskap og våtmarksområde, og er eit populært område for øko-turisme. Dei fire største bielvene er Atmata, Pakalnė, Skirvytė og Gilija. Elva spelar ei viktig rolle for økosystemet i Kurskij Zaliv. Ho medverkar med det meste av vatnet til lagunen og gjer at vatnet nesten er heilt ferskt. Dermed kan både ferskvassdyr og brakkvassdyr leve her. Når Nemunasdeltaet utvidar seg, minkar lagunen. I 1992 vart Nemunasdeltaet regionalpark oppretta.

Økonomisk[endre | endre wikiteksten]

Skjematisk kart over Kaunaslagunen

Nemunas vert brukt til fleire formål, som fiske, vasskraft, vassforsyning, industri og jordbruk, i tillegg til avkopling, turisme og vasstransport. Det har vore lagt fram forslag om å gjere elveleiet djupare, slik at elva i større grad kan brukast til transport. [2]

Dei største byane langs Nemunas er Hrodna (Kviterussland), Alytus og Kaunas i Litauen, og Sovetsk i Kaliningrad oblast i Russland. I nedslagsfeltet til elva bur det 5,4 millionar innbyggjarar. Industriaktivitet i den kviterussiske delen inkluderer foredling av metall, kjemiske industriar, treforedling og papirproduksjon, og produksjon av byggematerial, i tillegg til næringsmiddelindustri. Ved Kaunas i Litauen er det fleire industriar langs elva, som vasskraftverk, produksjon av maskineri, kjemiske stoff, treforedling og papir, møblar, tekstilar og mat. I Kalinigrad er Sovetsk og Neman industrielle senter nær elva, med store anlegg for treforedling og papirproduksjon.

Ovanfor Kaunas vart det bygd ei demning for Kaunas vasskraftverk i 1959. Den kunstige innsjøen som oppstod er den største kunstige innsjøen i Litauen. Han vert kalla Kaunaslagunen (Kauno marios), og av og til Kaunassjøen. Han har eit areal på 63,5 km², ei lengd på 93 km og eit djup på opp til 22 meter. Kaunaslagunen er ein populær stad for segling.

Biologiske artssamfunn[endre | endre wikiteksten]

Av fiskeartar i elva har ein åbor, gjedde, mort, suter, brasme, sørv, hork og laue. Sideelevene inneheld òg steinsmerling, stikling, gorrkyte, aure, ulk, grunnling, gullbust og årbuk.

Laksen brukte tidlegare å gyte i elva, men etter at ein laga demningar her på 1900-talet vart talet på laks sterkt redusert. Demninga ved Kaunas har ikkje laksetrapper. Gytinga skjedde om hausten, og folk i området fiska ofte om natta med lommelykter og harpunar.

Miljøspørsmål[endre | endre wikiteksten]

Ein rapport frå det svenske Naturvvårdsverket klassifiserer elva i Litauen som forureina. Det er store konsentrasjonar av organiske forureinande stoff, nitratar og fosfatar i forskjellige delar av elva. Miljøspørsmål inkluderer vasskvalitet, endringar i det hydrologiske regimet, og flaumkontroll. Miljøproblema i dei forskjellige landa langs elva er noko forskjellig. I Kviterussland er hovudproblemet oljeprodukt i tillegg til nitrogen og biologisk oksygenforbruk. I Kalinigrad oblast er problemet stor konsentrasjon av biologisk oksygenforbruk, lignosulfonat og nitrogen. I Litauen fører vasskraftverket i Kaunas til varierande vassnivå i elva, som påverkar økosystemet i elva. Ein potensiell trugsel for heile området er atomkraftverket Ignalina. Gamle kloakkreinseanlegg langs elva medverkar òg til forureining. [3]

Den politiske situasjonen mellom landa gjer at det er vanskeleg å samarbeide om å reinse elva, og området er delt mellom Russland, Kviterussland og EU-landet Litauen. Fleire initiativ er derimot tatt for å få ei bukt med miljøproblema i elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Flaumar og brannar i Litauen
  2. Tranportinitiativ i Baltikum
  3. Rapport frå Naturvårdsverket på Nemunas


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nemunas