Regionar i Litauen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Historisk etnografiske regionar
Regionar innanfor grensene til det moderne Litauen. Basert på kartet godkjend av Rådet for Vern av Etnisk Kultur, eit spesielt råd i opppretta av Seimas.
██ Litlelitauen ██ Samogitia ██ Aukštaitija ██ Sudovia ██ Dzūkija

Litauen kan delast inn i historiske og kulturelle regionar (kalla etnografiske regionar). Dei eksakte grensene er ikkje klare sidan regionane ikkje er offisielt politiske eller administrative einingar. Dei er avgrensa av kultur, som bondetradisjonar, tradisjonelt levesett, songar, soger osv. Til ein viss grad dekkjer dei forskjellige regionane forskjellige litauiske dialektar. I visse delar av enkelte regionar talar ein derimot dialektar frå andre regionar.

Regionar i politikk[endre | endre wikiteksten]

Ingen av regionane, bortsett frå Samogitia, har nokon gong vore ein politisk eller administrativ eining. Det har i det siste vore gjort forsøk på å setje grensene deira meir tydleg, sidan ein har planar om å endre systema med fylke i Litauen til etnografiske regionar, som vil få namna landskap (eintal - žemė, fleirtal - žemės). Dette kjem mellom anna av at 10 av fylka i Litauen ikkje har nokon særskild funksjon og at fylka berre er kunstig definert Prosjektet fekk støtte av den tidlegare presidenten Rolandas Paksas, men no er det usikkert om planane kjem til å verte fullført. Dzūkija fekk nyleg nytt våpenskjold og emblem som skal nyttast om planane vert fullført. Om reforma vert gjennomført vert det truleg berre fire landskap, ikkje fem, sidan det meste av Litlelitauen er ein del av Russland og mange litauarar vart vist bort. Innbyggjarane i det relativt små området som er att i Litauen er stort sett nykommarar, sidan dei fleste av dei lokale innbyggjarane døydde i den andre verdskrigen eller vart vist bort. Derfor vil Litlelitauen truleg verte ein del av Samogitia.

Trass i at regionane ikkje er politiske eller administrative einingar har dei fleste regionane sine eigne «hovudstader» (byar som vanlegvis vert rekna som hovudstadane deira). Desse byane er ikkje nødvendigvis dei største i regionen.

Regionane[endre | endre wikiteksten]

  • Aukštaitija («Høglandet»). Regionen ligg nordaust i Litauen og inkluderer òg nokre historiske litauiske område sørvest i Latvia og det nordvestlege Kviterussland. Hovudstaden er Panevėžys, som òg er den største byen i regionen.
  • Sūduva (Sudovia eller Suvalkija. Region sørvest i Litauen, inkluderer òg ein lite område av dagens Polen, og den minste etnografiske regionen. Hovudstaden Marijampolė, største byen er Kaunas.
  • Litlelitauen (Mažoji Lietuva). Region ved kysten av Austersjøen, som òg inkluderer historiske litauiske område i Kaliningrad oblast og ein bit av Nord-Polen. Den største byen er Klaipėda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]